BS Nytt veke 18

Da er enda ein måned ferdig, og me har høg aktivitet.

Arbeida med kraftverket i Fivelandselva går fortsatt med full drift. Bjørn Tore har hatt omfattande service på Montabert bortårnet, noko som gav merkbar bedring,og han er nå i full gang igjen. Elfinn er også kommen med i dette prosjektet nå, etter ein mellomstopp på Bøen ved Statnett på Austerheim. På røyrgategrøfta er det også stadig god framdrift.

Betongarbeida på kraftstasjon er litt avventande mellom to etappar der.

 

Wojciech og Darius har derfor vore på diverse andre jobber, blant anna montering av kantstein på Esso og Statkraft, planering for asfaltering på industrikaien i Saudasjøen og platestøyp på Eramet denne veka.

 

På Norsk Stein har Håkon og Johnny støypt ei veggskive og montert betongelementa under siloane på finsikteanlegget denne veka. Halvard er fortsatt på verksted,men har siste dag i dag. Olav og Kjell er fortsatt på graving

 

Leif Kåre, Gjermund og Nils Gunnar er på Tangen bru, der dei støyper 3 stk fundamenter på Tangen sida i dag.

 På Tangen reinseanlegg driv me sluttarrondering.

 

HMS – Bruk verneutstyr!

Husk å bruk riktig verneutstyr i arbeid. Hjelm, vernebriller, klede med rett klassifisering, hørselvern,hanskar og vernesko er vanleg utrusting, og ellers det som kreves ved bruk av spesielle verktøy.

Husk at også dei rundt den som utfører arbeid med til dømes vinkeslipar må bruke verneutstyr – i dette tilfellet vernebriller!

 

Takk til Halvard Rød for lang og tru teneste hjå oss, lukka til vidare på Sauda VGS! (me tek ei markering så snart det passar).

 

Gratulera med dagen til Håkon på måndag og til Leif Harald torsdag 7. Mai!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.