
«Gamle slakthuset» på Vangsnes er no rive ned, og det er no hovudsaklig sorteringsarbeid som gjenstår før dette oppdraget er løyst.
Grunnarbeide er det ikkje me som har, men etter kvart er det klart for betongarbeid, og då kjem me på plass att.
I Tysse er det no svært høg aktivitet med betongarbeid på kraftstasjon i tillegg til arbeida med røyrgrøfta.
Me har også denne veka vore noko på Eramet med nokre småjobbar. I Grustak er det fortsatt produksjon for fullt.
AKTUELT
Det vil var folk i arbeid hjå oss i romjula, nokre arbeider medan nokre tar fridagar. Blant anna vil me halda drift på prosjektet i Tysse. I Administrasjonen vil det og være folk dei fleste dagane.
Fivelandselva kraftverk
Me fekk denne veka formelt beskjed om at me diverre ikkje vann fram med anbodet på Fivelandselva kraftverk. Kven som gjekk av med sigeren får me vite når kontrakten er skriven.
Korleis året har gått
Starten av året var også dette året noko treg med for lite arbeid, og me hadde ein gjeng permitterte. Men frå påsken av så lausna det veldig, og me har hatt fullt kjør etter det. Dette gir oss eit godt år, og me må bruka dette for å styrkje oss til framtidige år. Fjoråret var jo i det den dårlege enden, så me ser at dette kan svinge veldig.
HMS
God sikring på byggeplass er viktig å hugse på. Her ser me eit par døme på god sikring:
Me ynskjer dykk alle ei riktig God Jul!