BS-NYTT veke 2

Været er svært varierande for tida, men me trør til uansett!

Mykje vær om dagen men framdrifta går i våre prosjekt. Me driv fortsatt med grunnarbeida for tilbygget på Folkets Hus. I Grustaket driv me sortering av betong etter rivinga av «gamle slakthuset» på Vangsnes. Og me har god produksjon av massar, også noko vedlikehald på utstyret vert utført no.

I Tysse er det fortsatt full drift både på kraftstasjon og med røyrgrøft. På stasjonen er det støyping i dag igjen, og i grøfta går det godt framover, sjølv om nedbørsmengdene er utfordrande. Me er komne forbi gøftast djupaste parti, og det går no litt lettare framover.

‍

Nye nettsider

Me har fått utvikla nye nettsider. Følg med på www.brselvik.no I løpet av neste veke er nettsidene våre oppdaterte og moderniserte!

‍

Arbeid som kjem, og kan komme

På Vagnsnes er no Brødrene Flatabø i gong med grunnarbeida. Me vonar dei får god drift slik at framdriftsplan går bra, og me kan starta betongarbeida etter det som er satt opp i planen.

Sauda Kommune har lyst ut anbod på VA Fløgstadneset med synfaring i dag, det vert spanande å sjå korleis konkurransen på dette går. Veidekke har og signalisert at dei har meir oppdrag for oss her i Sauda. Eramet gir me og nokre tilbod til for tida.

‍

Tur til Malaga for å feire 50 års jubileet

Det vart til slutt Malaga som blei valgt som tur for å markere at verksemda er 50 år i år. Me er 54 medarbeidarar og følgje som tek turen helga i månadsskifte mars/april. Detaljert program kjem etter kvart, men det vil nok heilt sikkert bli ein gilde tur!

‍

Permittering

Frå måndag av i denne veka vart det naudsynt å permittere to av våre medarbeidarar. Me håpar det vert kortvarig, og at dei finn ting å driva med i tida medan dei er vekke.

‍

HMS

Frå HMS –magasinet:

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.