BS Nytt veke 9

Så var me i gong med vårmånadane og ting kan løysne litt for oss no.

Reinseanlegget på Tangen for Sauda Kommune skrider stadig framover, og me klargjer no for oppstart av betongarbeid over helga. Elfinn og Øyvind driv med grunn og VA arbeid saman med Sauda Rørhandel.

Gjermund og Nils Gunnar er i gong med rigg for betongarbeida på Tangen. Dei har no gjort seg ferdige med arbeida for Veidekke og Statnett på Austerheim for denne gong.

 

Wojchiech og Darius har støypt golv på tilbygget til bakeriet denne veka, og dei har og starta med riving av gamle betongveggar ved trappehuset.

 

På Norsk Stein har Leif Kåre og Johnny gjort seg ferdige med betongarbeid på der, og så har dei utført noko fendring på importkaien til Eramet.

I går starta Håvard, Bjørn Andre og Daniel med noko reinskearbeid i siloane til det gamle finknuseverket på Norsk Stein.Det vert arbeid med dette i to-tre veker framover for desse tri.

 

 

Arnt Øystein tar no ei veka pause frå arbeida med hyttevegen i Dalavik. Det vart noko blautt slik at det kan få tørka opp litt.

Over helga vert det oppstart av brøyting av vegen til Vatndalen og nokre av plassane der inne for Dalekovod / Statnett. Arnt Øystein og Tommy vil bli engasjerte med dette.

Det er også plan om å komme seg til dei første mastefundamenta med gravemaskin, men dette kjem an på vær og føreforholda

 

Det ser ut til at Vikedal Mur og anlegg har sikra seg arbeida med Risvollelva kraftverk, og me vil følgje opp med å tilby våre varer og tjenester til dei.

 

På Norsk Stein har me god kontakt med Roxel Energy som skal byggje opp att det gamle finknuseverket som vart råka av brann, me vonar dette vert arbeid som kjem snarleg i gong.

 

 

 

 

HMS:

Utstikkande armeringsjern. Hugs på å beskytte utstikkande armeringsjern der det måtte være aktuelt ved armeringsarbeider.

 

Gratulera med dagen til vår nye ingeniør, Margrethe på måndag!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.