
På Eramet er men no ferdige med arbeida med slaggroper. På tysdag kveld støypte med plata på «tennisbanen» og prosjektet var med det altså ferdig for vår del denne gong. Me har starta med arbeider med etablering av grøft for hydraulikk til ny avrakar i ovnshuset.
Me har starta med arbeider med etablering av grøft for hydraulikk til ny avrakar i ovnshuset.
For Stageland på Statnett Austerheim er det full drift om dagen, rettnok har dei fri fredagen, men har bestilt ein ekstra maskin frå oss i en kortare periode, i tillegg til dei to som allereie er der frå oss. Me hjelper og med noko masseleveranse og rydding av snø ved behov.
I Kvildal har me støypt 12 meter med kulvert, og arbeidet med OV grøfta nærmar seg fullført. Det er bora og gyst forankringsstag i nystøypt kulvert, og tilbakefylt komprimerte massar i 2/3 delar av veikryssing 2 (dei to bileta over viser dette).
På Transformatorstasjon 1 for Saudefaldene har Geir Egil denne veka panta opp vegger til trappehus, og montert rekkverk på utvending avlastingsrampe.
På Berakvam er det fortsatt avdekking med ein maskin, og diverse arbeid med den andre(bilete over).
I Åbødalsvegen er vassleidninga til Eramet no kryssa og arbeida vil fortsetja, sjølv med frost og vinter ei stund enda.
Vei og Anlegg 2018
Om nokon av våre ansatte vil reise på årets anleggsmesse første helga i Mai, så kan me forhåndsinnmelda dykk via nokre av våre leverandørar. Bare å ta kontakt i så fall.
Personalmøte.
Det vert personalmøte med tema forsikring og pensjon fredag 16. mars på slutten av dagen. Meir informasjon om dette kjem når det nærmar seg.
HMS
Utstikkande armeringsjern. Hugs på å beskytte utstikkande armeringsjern der det måtte være aktuelt ved armeringarbeider.
Rune har vore med på tur til Nicaragua, og blant anna funne døme på betonbilane som vert brukte der.
Ha ei god veke!