Bilete frå arbeida med Fivelandselva kraftverk

BS Nytt veke 8

Fortsatt mildt vær på det jamne og god drift i våre arbeider.

Prosjektet med å bygge kraftverk ved Fivelandselva vert vårt største oppdrag dette året. Tommy og Bjørn Tore driv for fullt med boring,sprenging og utgraving for røyrgate. Øyvind har skoga denne veka og nærmar eg no elvekryssinga med skogryddinga. Wojciech og Darius sørgjer for god framdrift på betongarbeida og driv no armering og forksaling av utløpskanal på kraftstasjonen.

 På Norsk Stein hadde me ein jobb med sprøytebetong på onsdag i denne veka, Hallvard og Rune fekk dette vel i hamn med god hjelp frå Håvard frå Ølen Betong. Leif Kåre og Johnny er ferdige med bingen for metall-utkastar, og skal no gjere nokre andre diverse betongarbeider der ute. Olav og Kjell er på diverse gravearbeider, og Ole Magnus har tatt over stafettpinnen på verksted.

På Eramet har Geir Egil og Håkon fortsatt  god framdrift med betongarbeid på det nye pumpehuset. På det eine bilete over ser med og dei får hjelp av Hjulmaskin.

Gjermund og Nils Gunnar er no i ferd med å ferdigstille lager tilbygget for BRG inne på Statnett Austarheim. Og dei har fått noko meir oppdrag medan dei har vore der, som dei fortset på dei neste par vekene.

Stian er i stadig i  maskinarbeid for Brødrene Thorkildsen der inne,med til-ordning etter utvidinga av dei eksisterande stasjonsfelta..

 

 

På Espeland er no vegen for grunneigar Einar Roalkvam omtrent ferdig, og Vetle med maskin vert snart fristilt til å flytte seg over til arbeida med Fivelandselva kraftverk. Elfinn vil fortsette med å ordne til rundt vegane, nokre stikkrenner og litt diverse. Denne veka var Bernt Egil hyra inn som sjåfør til lastebil.

Våre 15 største kunder 2019:

HMS Vinter og trafikk

Tidligare har me vore innom vinterføre og at det er viktig å sko seg riktig med dekk og kjetting når det trengs.

Ein annan ting er å vurdere om ein faktisk skal køyre om tilhøva er ekstra utfordrande. Trafikk og omsyn til publikum bør og tas omsyn til.

Me leverer massar til Stangeland sitt prosjekt med kraftverk i Svandalen og har valgt å fylle på lager der oppe denne veka. For å skåne mest mogleg for lastebiltrafikk i vinterferien neste veke.

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.