
Stadig støyping på kjekke bygg i Sentrum for tida
På Ambulansestasjon med leiligheter, på Vangsnes, støypte me siste rest av fundamenter til ringmurane i går.
For AS Forskaling leverer med betong til støyp på Folkets Hus i dag.
God framdrift
I Tysse er det no inntilfylt nede ved stasjonen. Og det er klargjort for montering av generator og anna utstyr i neste veka. Bare været, og/eller glatte vegar kan sette ein stoppar for dette no. Røyrlegginga har gått unna også denne veka, 60 meter røyr er lagt og det er fylt tilbake ein del over grøfter. Mykje nedbør og kryssande bekkar er alltid utfordrande.
På Eramet er me i gong med steinlegging.
I Verkstad er det produsert ein god del materiell som skal nyttast til arbeida med Dam Finnflot til sommarsesongen, forskalingssystem med stillas osv. For Veidekke på Statnett er me og fortsatt engasjert med maskinar og masselevering osv.
Nytt oppdrag for Saudefaldene
Saudefaldene har engasjert oss i vidare planlegging og gjennomføring av propping av gammal tappetunnel frå Dalvatn.
Travel sesong
Med dette teiknar det til å bli ein travel sesong også dette året mogleg på høgde med fjoråret. Me har og stadig nye tilbod å rekne på, også ting som er sendt, men foreløpig uavklart.
HMS Til ettertanke frå Bygg.no: