BS Nytt veke 6

Etter kvart no kjem me i gong med meir arbeid.

I arbeideda med Reinseanlegget Tangen er nå byggegropa grovt sett ferdig utgravd. Me treng endeleg bekreftelse på fundamentplan for at utgraving og planering skal bli heilt kompett. Først må me også grave for botn-leidningar som skal leggas av Sauda Rørhandel. I framkant av tomta har me fylt opp en støttefylling med sprengsteinmasser for å sikre god stabilitet – også om det skulle verta ein ekstremflom i området. Planen er no å få med grøfter og kummar i området, så er me også ivrige for å få avklart betongkonstruksjonane og få koma i gong med desse,men det tek nok fort eit par veker enda.

 

På «Bakeri» tomta  har Johhny og Leif Kåre no starta med betongarbeida. På måndag vert det støyping av fundamenta for ringmuren

 

For Veidekke på Statnett Austerheim har Nils Gunnar og Gjermund med hjelp av sugebil starta med å fylle opp med pukk bak muffesjakter. Dei har i løpet av denne veka kome cirka halvvegs opp mot tenktfyllingshøgde.

 

Også denne veka fekk me sprengt ut ei god salve på tomta vår på Birkeland industriområde. Her vart det fine massar av det ca 1500 faste m3 fjell som blei sprengt. Over eit tonn sprengstoff gikk med i storsalva tysdag. Massane vert i hovudsak frakta til grustaket kor me knuser desse til pukk og veggrus. Me har og brukt noko av massane frå Birkeland i tomta til Reinseanlegget på Tangen.

 

Risvollelva kraftverk:

Tilbodet vårt på Risvollelva kraftverk var nok diverre ikkje i toppen av konkurransen. Det er nokre andre tilbydarar som er kalla inn til avklaringsmøter.

 

Arbeidssituasjon:

Fortsatt har me mindre arbeid og ein gjeng som er permitterte. Det er litt lysning på gang når me no er i gong med Reinseanlegget på Tangen, og Barkeritomta i sentrum. I tillegg har me eit par private jobbar som nærmar seg oppstart. Og me får kanskje Bjørn Tore i arbeid for Brødrene Thorkildsen på Statnett Austerheim, med bore sprengingsarbeid der.

 

HMS:

God sikt frå førarkabin i kjøretøy er viktig. Ein ting er at politiet gir bøter,men enda viktigare er det at god sikt kan redde liv! Ta  nokre minutt ekstra på å skrape ruter utvendig og tørke dei for dogg innvendig!

 

Gratulera til Geir Egil med dagen måndag 11. februar!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.