BS nytt veke 5

God framdrift, asfaltering i januar og heiderspris for oss denne veka.

Damkrona 2019 til DamFinnflot!

Saudefaldene saman med entreprenørar og konsulent vant heidersprisen damkrona 2019for rehabilteringa av Dam Finnflot

Grunngjeving for at dam Finnflot vant er som følger:

Frå asfaltering av arbeida for Sauda Fjernvarme:

 

I går fekk me asfaltert etter arbeida for Sauda Fjernvarme på Erametområdet. Det er uvanleg å asfaltere i januar her i Sauda, men altså fullt mogleg når været speler på lag, og kunnskap, kompetanse og erfaring er på plass. Det var snø i lufta, men den la seg heldigvis ikkje på bakken her i låglandet. For å kunne asfaltere under kritiske værhøve er også bruk av rett type grusmasse i underlaget viktig både for eit godt resultat etter asfaltering, men ikkje minst og for kvalitet i mangfaldige år etterpå.

 

Inne på Eramet er me elles godt i gong med betongarbeida for det nye pumpehuset. Og ved Storelv bru fekk me denne veka støypt muren mot elva etter ordninga av kjølevassleidninga der.

 

For Fivelandselva kraft er no forsert framdrift eit faktum, og me må levere ferdig anlegg til jul i år! Dermed må me prioritere dette prosjektet høgt dette året og setje på mykje ressursar. Teikningar for stasjonen har me no mottatt.

 

Gjermund og Nils Gunnar er i gong med eit takoverbygg for BRG inne på Statnett Austerheim.

 

Leif Kåre og Johnny er fortsatt i arbeid med finverk 100 for Roxel på Norsk Stein. Dette trakk noko ut og det er utsatt til neste veke å komme i gang med binge for metallutkastar direkte for Norsk Stein.

 

 

Denne veka har me også hatt lastebil i drift for diverse prosjekt på Norsk Stein.

På skogsvegane på Espeland er det stadig god framdrift med Elfinn, Vetle og lastebil i drift.

 

HMS – 3 alvorleige ulykker, ei med dødsfall denneveka! Frå Bygg.no:

 

På kun to dager har detvært tre dramatiske ulykker i bygg- og anleggsnæringen. Det var en ansatt iImplenia som omkom i den tragiske arbeidsulykken i Snillfjord onsdag kveld.

http://www.bygg.no/article/1422242

 

Gratulera til Tita med dagen torsdag 06.02!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.