
Veka har vore prega av mykje vær, og sjølv om det ikkje har fått store konsekvesar for oss, og våre arbeider, har det no påverka også oss!
Me høyrer mykje om Svandalsfossen, men også i Sagfossen var det øveløp i går. No vert det vel litt kaldare og mindre nedbør, mogleg vert det snøfall att utpå dagen, og morgodagen.
Grøfter hos Eramet
På Eramet driv me grøft for vatningsanlegg, eit oppdrag med har fått av Sauda Rørhandel med Eramet som byggherre.. Her har den høge vass–standen gjort det lite egna å arbeida i enkelte periodar, og då held me oss bare vekke til det vert fornuftig å ta til att.
Også denne veka har me hatt nokre mindre arbeider innan meisling og betong for Eramet.
Me har levert noko massar til TT Anlegg som driv grunnarbeid for det nye deponiet til Eramet oppe i Kviå, og dei har leigd litt håndmann frå oss.
VA i Åbødalsvegen
I Åbødalsvegen har været derimot ikkje stoppa oss, og me har hatt god framgong på VA Arbeida for Sauda Kommune her, også denne veka.
Arbeid på Norsk Stein
På Norsk Stein fekk me støypt for reparasjon av ein mur på onsdag, og me held på med forskaling og støyping av Tipp – stoppen som me støypte fundament for forrige veke.
Været har vore merkbart i sjøkanten på Berkvam også, som ein ser av bilete her.
Utleige av tilsette og maskinar
Norsk Stein har tinga yttarlegare ein gravemaskin frå oss fram til nyttår, og me flyttar denne ut i dag for oppstart måndag.
Fortsatt har me leigd ut to stk til Ryfylke Bygg.
Stangeland med Storkontrakt for Statnett i Sauda – me vert med på lasset.
Utklipp frå tsmaskin.no
Stangeland Maskin har fått storkontrakten med grunnarbeida for Statnett i Sauda. Me har vore så heldige å få bli med på lasset som underentreprenør. Dei har tinga eit par gravemaskinar, ein håndmann, og noko betongarbeid frå oss. Oppstart vert i byrjinga av februar 2018.
Me har jo også vunne «Vatndalsvegen» og opparbeiding av rigg og baseplassar i Saudaområdet kalla «Saudapakken» i eigen regi for Statnett. Medan «Suldalspakken» gjekk til BG Suldal, gratulera til dykk, med den J.
Slik at det drypp stadig arbeid på oss frå Statnett sine store prosjekt i regionen vår.
Julabord!
Velkommen til Julabord i kveld! Det vert ein god gjeng, og me skal får ei trivelig stund med god mat og drikke på Sauda Fjordhotell.
HMS
Med ekstremværet me har om dagen, er det på sin plass å minne om å feste og sikre utstyr og varer mot vindkast og flaum når dette vert meld frå værvarslinga.