BS Nytt veke 45

Siste innspurt nå på dei store prosjekta våre

‍

I Vatndal er det no heilt siste innspurt med vegen for Statnett. Den er no grusa heilt til endes, og den store riggplassen inn mot enden er i ferd med å bli ferdigstilt. Rett over helga vil me starte å ta vekk folk og maskiner. Elfinn med maskin vert siste som flyttar ned i låglandet, etter siste finpuss.

Bilete i fugleperspektiv viser heile vegen i terrenget.

 

I Åbødalsvegen/Wergelandsvegen er me no i mål med asfaltering og snart heile prosjektet. Fin artikkel i avisa Ryfylke idag om prosjektet!

 

På inngongspartiet til Kiwi skal me endra blomsterbeda til Steinbed, og lage ei håndrekke frå fortauet og til dørpartia. Darius og Alf Ottar er godt i gong med desse aibeida.

 

For Saudefaldene har Atle og Tor Helge støypt fundament og er godt i gong med ringmur for lagerbygg i Hellandsbygd, det har i tilegg blitt utført klargjering for sprutbetong på ein del av plastringsveggen i Storelva ved klekkeriet.

 

For Veidekke på StatnettAusterheim har Gjermund og Nils Gunnar støypt ein støttemur, og utført diverseandre avslutningsoppgåver. I tillegg har dei vore på Eramet og utført einhastejobb under stansen på omn 12

 

På Norsk Stein Har Leif Kåre og Johnny starta arbeida med fundamentplata til nytt vaskeanlegg.

‍

Kjell og Olav er også stadig i sving med kvar sin gravemaskin der ute.

 

Nye tilbod.

Vi sender i dag tilbod pågrunn og betongarbeidene leilighetene ved Skisenteret i Svandal.

 

 Varme arbeider kurs:

Sauda v.g.s inviterer tilkurs i varmearbeider 12, eller 13. desember. Om du treng fornying av dette ta kontakt – så melder me på dei som er aktuelle. Til no er 3 stk påmeldte.

 

Hugs Julabord på Sauda Fjordhotel fredag 7.desember. Bodil lagar lappar for påmelding i dag.

 

 

Ha ei god veke!

‍

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.