BS nytt veke 41

Full fres hjå oss i hausferieveka

På Ramnafjell Har me no gravd siste del av grøfta til transformatoren, og det er forskalt fundament for trafo. Siste støyp over kablar og trafofunament reknar me med å få gjort på tysdag. Då vil det var noko rest – omstøypsarbeid ved trafo, og intilfylling av denne som står att til siste veka av oktober. Og noko fylling atennde i grøfta i øvre trase for hånd og sjølvsagt opprydding.

 

I Vatndal har me komme godt vidare og kryssa elva ut frå Vatnedalsvatnet. Me fyller no ut eit større riggområde, og har ca 300 meter veg att å opparbeide. Me nærmar oss linja, og sikkerhetsvurderingar i forhold til det, skal gjerast tysdag. Maskin og lastebils sjåførar som er involverte i prosjektet må få dette med seg.

 

På Finnflot er det no kun maskinarbeida som held fram, og me får gode skussmål frå Saudefaldene på måten dette vert utført på, og det gode samarbeidet med AS Forskaling.

Gjermund og Nils Gunnar har avslutta og rydda opp etter arbeida der oppe denne veka. Dei har no kursa seg for arbeid som Veidekke har tinga oss, til inne på området til Statnett, på Austerheim.

 

I Slettedalen støypte me tidleg i veka ei bruplate og fundamentet til føringskanten på Øverland. Det er blitt forskalt og armert på føringskant, som skal støypast saman med understøyp av fundament for bru nummer seks, i neste veka.

 

På vamre og sanitærbygget i Slettedalen held Geir Egil og Håkon på med tetting av utvendig bygg for Ryfylke Bygg.

 

I Åbøbyen er det fortsatt full sving på arbeida med å komme i mål for asfaltering no mot slutten av oktober.

 

I Svandal er mykje gjortcmed hyttetomta til Jo Eide, og me fortset med arbeida i hyttefeltet

Haugane 3.

 

Terje Jekteberg har stadig turar med kulestein til Haugesunds regionen. Her eit bilde der stein frå Sauda er brukt ved Haugsund golklubb.

 

HMS - Mørketid og trafikk:

Frå dagens Ryfylke:

 

 

Gratulera til Stein Vidar med dagens hans på tysdag16. oktober!

 

Jan Erik vil takke for blomar, kake og merksemda, når han gjekk over i pensjonistenes rekker for eit par veker sidan.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.