BS Nytt veke 36

Mykje regnvær også denne veka, men god drift med variert anleggsarbeid i ulike prosjekt.

Både Elfinn og Arnt Øystein vart ferdige med opprydding etter flaumen ved Hytta til Lars Gusdal på Molla.

Elfinn er no godt i gong med arbeid for Saudefaldene på Birkelandsmoen. Her skal 66 kV linja leggast i kabelgrøft av hensyn til arbeida med riving og bygging av ny Statnett linje.

 

Arnt Øystein er saman med fleire no i gong med arbeida for Sauda Fjernvarme ved vakta på Eramet. Dei driv med forgraving for avklaring av trase, utfordringane dukkar opp som antatt. Men heldigvis er det kreativitet og vilje til å løyse problemer, og me skal få til dette!

 

På Løyningsøyrå inn mot Fiveland har sprenging og vegbygging gått for fullt. Mykje fjell gir heldigvis også mykje gode massar til vegbyggina.

 

På Svartavatn går arbeida med armering og forskaling for innstøyping av ny luke (ved Svartkulp) for fullt, og der antas støyping om vel ei veka. Vidare er planen å få bygge eit betongbygg over den nye luka 8i forlenginga av eisterande lukehus)

  

For Roxel på Norsk Stein har Tor Helge og Leif Kåre denne veka støypt ringmursfundament til MCC bygget og starta med grunnarbeid til eit fundament for transportbånd.

 

I Slettedalen har Johnny og Nils Gunnar denne veka støypt overbygget på brua ved Grasberget og i tillegg revet forskaling på overbygget til brua ved Indrejordet.

 

For Veidekke har Gjermund starta arbeida med prefabrikering av 6 stk fundamenter til Statnett sittkoblingsfelt i Saurdal.

 

Wojchiech og Darius har denne veka støypt fundament med konsoll på hytta til Geir Sjøberg og er no igong med planering for støyp av terasseplate.

 

HMS

Det er viktig å være obspå å bruke skikkelige sko som er knytta og stødige. Hjå oss skal me kun brukevernesko, men husk å feste dei skikkelig. Dersom ein bruker tresko medvernetå(sjåførar). Såvær obs når du skal ut av maskin/ bil, bruk trinn og ha festa stroppa bak hel.Det er fort gjort å trø skeivt, eller miste balansen og det kan i verste fallføre til beinbrot!

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.