
Det dreiar seg no mest om dam Finnflot der me denne veka har støypt felt 6 og botn i inntak til tappeluka.
På Eramet har me hatt ein reparasjons jobb med støyp av nytt dekke og endevegg i en binge til ferdigvaren.
Me har også starta med diverse betongarbeid hos Rune Skåle og støypt noen garasje-gulv med overflatebehandling.
I prosjektet med sikring av vannveg til Sauda 1 for Saudefaldene har me starta arbeida med rigg av utstyr fram til Dalvatn og vil i neste uke starta med grunnarbeida på riggområdet ved dammen.
På Folkets hus har me fått gjort mykje og nå er det klart til å begynne med støyp av amfitrapp mot parkeringsplass for å ta høyden mellom parkeringsplass og inngang.
Det blir asfaltering mot slutten av neste veke som gjer at me har fleire plassar som må klargjerast.
På Tysse fortset me å pusse opp terrenget i rørgata.
I grustaket grov og finknusar me for fullt. No er det Bærelagsgrus 0-32mm og pukk 32-64mm som blir produsert av dei grovknuste massane.
Olav blir liten i steinbruddet til Norsk stein på Jelsa, han ses opp i venstre side av bildet.