BS Nytt veke 30

Me er midt i ferietida og noko prega av det, men me har gode leveransar med betong.

Me er ein del prega av sommarferie for tida, men har cirka halv bemanning. Prosjekta Åbødalsvegen for Sauda Kommune og Støttemur for Stangeland på Statnett har stillstand på grunn av ferie. Dette gjelder og for Saudapakken og Veg Vatndal for Statnett.

På måndag vil det kome ein del folk igjen frå ferie og prosjekta vert då starta opp att.

Rehabilteringa av Dam Finnflot for Saudefaldene går for fullt og me har hatt støping der på onsdag og torsdag denne veka. Det er no forskala tradisjonelt i tillegg til vogna og det har vore god framdrift.

I Svandalen har me og hatt framdrift på hyttefeltet Haugane 3. Det er i hovudsak Vetle som er engasjert der no med noko hjelp av lastebil når det fins høve til det.

 

Me har og hatt noko grunn- og betongarbeid ved ein privat bustad her på Saunes.

 

Frå Blandeverket har det vore til tider store leveransar og hektisk med å skaffe nok sjåførar no  ferietida.

 

Ny medarbeidar.

Frå og med Juli har me fått med oss Daniel Fattnes som ny medarbeidar. Han vil være kombinert operatør grustak / maskinførar og vedlikehaldsmedarbeidar. Me er svært nøgde medr å ha fått Daniel med oss på laget!

 

HMS frå bygg.no:

Stygg sak fra Sørlandet dette:

Gratulera med overstått til Jan Erik som hadde dagen sin måndag 16.07.

 

Gratulera med dagen i dag til Nils Gunnar! Og til Arnt Øysten med dagen hans på torsdag i neste veke!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.