
Me ventar ein intensiv og hektisk periode nokre veker no.
Denne veka har gått med til mykje planlegging og førebuing av Arbeida for Statnett i Kvilldal, og arbeida med slaggroper på Eramet, Begge desse prosjekta startar opp over helga.
I Åbødalsvegen er me no ved vegs ende med VA grøfta i sidegate. Me prioritere no sidegrøfter og hydrantplassering for me fortset opp i krysset ved Mental Helse. Her toler me ikkje for mykje vinter og frost då det er ein del infrastruktur i bakken som høgspent og hovudvassleidninga til smelteverket (Dagens hovudbilete er henta frå arbeida i Åbødalsvegen).
Bjørn Tore har fått bora ein del store steinar i grustaket og noko fjell på lagertomta vår, før turen går til Kvilldal i neste veke (på bilete over ser frå boring på lagertomta vår på Birkeland).
På Statnett har me fått pumpeledinga for brannvatn i bakken, det står att montering av brannhydrant og kummar. Oppussing og asfaltering vert gjort til våren / sommaren.
I Grustaket fortset me med grovknusing så lenge været tillater det. På knuse og sikteutstyr skal det og utførast ein del vedlikehald.
HMS
Dersom ulykke skulle skje, er det viktig å på førehand ha tenkt gjennom korleis ein skal handtere dette. Kven skal ta leiing på ulykkestaden? Kven varslar naudetat? Kven sikrar og sperrar området?
I større prosjekt skal ein sikre dette i egen plan for beredskap.
Her ser me Alf Ottar som hadde 40 års jubileum som ansatt hjå oss i 2017. Han fekk litt merksemd for dette på vår julaavslutning før jul.
Det same fekk Knut Hugdal soom har vore hjå oss i 30 år og Øyvind Årthun med sine 20 år hjå oss. Me ser fram mot feiring av nye jubilantar i 2018!
Gratulera med dagen til Rolf i dag og Vetle i morgon! Dag Magne gratulere me med dagen hans som er på tysdag 23/1!
Ha ei god veke!