BS Nytt veke 27

Me har fortsatt god framdrift i mange prosjekt, sjølv om det no også er ferietid.

Stadig er det arbeida med finverk 100 på Norsk Stein som krev stor merksemd frå oss. På tysdag denne veka fekk me støypt første tredjedelen av dekket. Leif Kåre har kontrollen, og har med seg innleigehjelp, og ferivikarar, og nokre få faste folk, slik at me har godframdrift sjølv om me er midt i ferien.

 

På Sauda Kommune sitt reinseanlegg på Tangen er det Gjermund som held kontrollen. Her fekk me støypt eit golv igjen i går, dette var i containerrom, det vert no litt feriestans i dette prosjektet og Gjermund vil ha fokus på andre småjobbar og på Norsk Stein etter kvart.

 

Hjå Arve Solheim ved Rødstjørn er BjørnTore komen godt i gong med tomta for ny bustad.

 

På Eramet ordna me ein mindre jobb med reparasjon ev ei plate i ovnshus 3 som me støyper i dag.

 

For Dalekovod er me no i gong igjen med gravearbeida for linjebygginga i fjellheimen. Det er Tommy, Vetle og Bernt Egil som er engasjert med dette no.

 

Elfinn har gjort seg ferdig med skogsvegen på Fiveland og flyttar seg ned att til låglandet no i dag. kanskje greit ettersom det var kvitt i fjellheimen denne veka,så blir det velfortent sommarferie også for han.

 

Arnt Øystein og Kai S Årthun har kontroll og god framdrift i prosjektet VA og fjernvarme Åbødalsvegen 79 ved inngangsområda på sjukehuset. Blant anna skal det klargjerast for framtidig fjernvarme.

 

På ramnafjell var Rune tidlig i veka og gjorde ferdig dei siste arbeida der før han gjekk på ferie.

 

Gratulera til Leif Inge med dagen på måndag 8. Juli.

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.