BS Nytt uke 24

Ja nå vart det sol og sommar og full drift og meir til hjå oss!

Me vann fram i konkurransen om grunn og betongarbeida for rehabiltering av slaggropene hjå Eramet. Dette vert ein jobb der ein del må prefabrikerast, men der sjølve jobben vert intensiv i månads-skifte august/september. Det var godt å få stadfeste at me får denne jobben!

Det er også ein omn-stans nå, og me er involvert, blant anna med skifting av nokre mikserøyr.

 

På Fivelandselva kraftverk er me i gong med betongarbeida for bend, og får støypt dette i dag. Det blir godt å komme over elva og opp kneika – då vert terrenget noko snillare eit stykke. Også oppe ved inntaket er det god drift med graving, boring og sprenging for å få etablert dette.

 

 

På Norsk Stein vil Olav og Kjell halde fram over ferien. Olav er først ute med ferie og så Kjell. Dette skal gå heilt greit seier dei på Norsk Stein, og er nøgde med arbeida som vert gjort, og maskinførerane våre der ute.

 

Leif Kåre og Håkon har støypt ferdig støttemuren for Eirik Birkeland. Til veka vert det ferie for Håkon, medan Leif Kåre skal til Norsk Stein for å støype ei plate utanfor det nye lageret der.  Han vil få med seg Reidar Selvik for å ordne dette.

 

Gjermund og Nils Gunnar er på Statnett Austerheim og lagar ein mur ved stasjonen der.

Også Stian og Øyvind, Lars Gusdal og fleire er engasjerte med ulike arbeider. Kunde er BRG, BrødreneThorkildsen og GE, alt etter kva jobb det er snakk om der inne.

 

Gratulera med dagen til Øyvind Årthun i går 11.Juni, og Theodor Selvik med dagen i morgon.

 

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.