BS Nytt Veke 20

Stadig meir arbeid kjem til no, i det fine maiværet me har fått.

På Reinseanlegget påTangen har me i dag dekkestøyp. Frå neste veke av flytter me nok mannskap over til arbeida for Roxel Energy på Norsk Stein. Då vil og Geir Egil og Håkon kome attende frå ein lang utleigeperiode hjå Ryfylke Bygg.

 

For Dalekovod er me fortsatt engasjerte for fullt med 3 gravemaskinar i fjellheimen. Det er og stadige leveransar av betong både til Suldal og her i Sauda / Tengesdal.

 

På Statnett har Gjermund og Nils Gunnar ordna kabelkurvertar og er no i gong med diverse andre arbeider.

 

Wojchiech og Darius har denne veka blant anna hatt betongarbeid for hytta til Eirik Daniel Fattnes i Åbødalen.

 

Elfinn har no flytta seg til Svandalen der han skal gjere noko finnish arbeider i hyttefeltet Haugane 3, og også har nokre arbeider for enkelthytter / tomter,.

 

Bjørn Tore er fortsatt i drift med  utgraving, boring og sprenging for hyttetomta til Lene Olsen Håheimsnes og Kjetil Håheimsnes i Åbødalen / Nip.

 

I bustadtomta i Trosavikåsen er Gunstein no i gong med å ordne VA grøft og tilkopling, også den nybakte pappaen Vetle,vil i gong att over helga for å fullføre vegen og fylle på med naudsynte massar før tomta skal avrettast.

 

Halvard har reinska kaien i Saudasjøen etter all tømmerlasta som har vorte skipa ut der.

 

 

HMS:

Ein viktig del av kontinuerlig HMS arbeider å gjennomføre vernerundar på det jamne.

Me vil no ta ein runde med dette i dei faste avdelingane våre.

 

Ha ein fin 17. Mai fering!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.