BS Nytt veke 14

Me har godt med arbeid, og ein del å gi pris på. Men merkar også Corona effekter, særs på prishopp frå våre leverandørar

Arbeida med fundament til støttevegger på Norsk Stein har gått som planlagt med mykje mannskap frå oss. Me fekk tatt hovudstøypen i går, og støyper resten i dag. Forskalinga må rivast og ryddast i morgon, slik at veggelementa kan monterast måndag. Takk for ein god innsats frå alle!.

 

På Fivelandselva kraftverk har me fortsatt med grøftesprenging, grøftegraving og røyrlegging. Me er og i gong med betongarbeid igjen etter avbrot når mannskapa måtte til Norsk Stein.

 

I Hagevegen er me godt i gong med klargjering for ny støttemur, og me har i denne samanheng også bytta ein hydrant som begynte å lekka i området. Fortsettelsen vert å grava fram kum i gata, for så å starta med betongarbeida.

 

På skogsvegane på Espeland har me fått grusa denne veka, og me har montert grinder.

 

På Tangen bru har Gjermund og Nils Gunnar forskalt og armert på fundamenta. Ole Henrik Birkeland er lærling hjå Sauda Kommune, og er med oss her for å få litt erfaring i betongarbeid.

 

Frå grustaket vart båten fylt med opp med kabelsand som planlagt på onsdag i denne veka. Dette er første delleveranse av sand til BG Suldal som skal nytte dette i sine arbeider for Statnett sitt NSL prosjekt ved Suldalsvatnet og i Kvilldal.

 

Corona effekter for oss:

Me merkar Corona effekterfrå våre leverandør som har kraftige prisauker, som vert utfordrande for oss å hente inn att!

Ellers er det mykje å rekne på om dagen, blant anna forespørsel frå Eramet på grunnarbeid for  pilotprosjekt gassturbin.

 

 

Ferielister – Før deg på!

Me har no hengt opp ferielister og det er fint om den enkelte fører på ferieønsker, eller legg det inn i Proresult. Me samkjører listene.

Det oppfordras generelt til å legge ferien til fellesferien – tre siste veker i Juli.

 

Geir Egil takkar for seg etter 22 år hjå oss. Han har hatt det bra seier han, og takkar kollegaer for godt vennskap i desse åra. Me ønskjer kan lykke til hjå Sauda Kommune.

 

Ha ei god Palme og Påskehelg!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.