BS Nytt veke 13

Denne veka har også vore prega av mykje variert arbeid for oss, og fortsatt lit vel mykje uavklart.

Me leverer stadig betong til Sr Entreprenør på Statnett Austerheim. Denne veka vart det ca 90m3 onsdag, og ca 45m3 i går. Dei er ivrige på framdrift, og me leverer det som trengst.

 

På Tangen Reinseanlegg er det fortsatt arbeid med forskaling og armering. Mange motiv for gode bilete på Tangen med fjorden og Eramet-båtar i bakgrunn, og dyktige fagfolk i forkant! Denne veka har Gjermund og Nils Gunnar støypt store delar av fundamentveggen i dag, og vil i neste veke støypa veggane i akse 2.

 

For Dalekovod har det vore mykje variert aktivitet også denne veka, men vær og føre spelar også ei viktig rolle for dette arbeidet. Der flyvær for helikopter står sentralt, men også snøføret for gravemaskinar. Også ein reinsdyrflokk i området har ei rolle, spesielt for helikopter trafikken.

Tommy og Arnt Øystein med maskinar har arbeid med graving for mastefundament, medan Bjørn Tore, og delvis Rune og Johnny og Leif Kåre har transportert og montert ei gangbru I Vatndalen over elva som kjem frå Finnabu. også denne veka har me levert betong i Førrebotn.

På Norsk Stein har me no 5 stk på arbeida med reinsk av siloane på finverk 100. Me har fortsatt Håvard og Daniel på vedlikaldsavdelinga, medan Kjell og Olav stadig er i arbeid med sine gravemaskinar.

Etter at me i grustaket gjorde ferdig jobben med å knuse asfalt for Sauda Kommune – tok me og ein runde på dette med brukt asfalt med hadde på lager og knuste ca 3000m3 til 0-32mm ferdig asfaltgranulat som kan tilbys til god pris til veggrus / bærelag om nokon er interessert?

Me klargjer no for produksjon av betongtilslag, og reinskar (på bilete over) ut av det eine sedimenteringsbassenget.

 

Jan Erik Svandal..

Var innom i brakka på Tangen med vafler og godt humør. Han nyter pensjonistlivet og var i form. Kjekt at du stakk innom og takk for vafler, melder Gjermund og Nils Gunnar frå byggeplass.

 

Personalmøte

Onsdag 03. april kl .19.30 tar me eitpersonalmøte i matsalen på Treaskjæret. Det vert gjeommgang av stoda her fortida. Kva me har av arbeid og kva som er uavklart, litt HMS og diversediskusjonar. Vel møtt!

 

Messefest:

Haugsland inviterer til «Messefest» i Stavanger på SR Bank Arena/ Viking stadion fredag 10. Mai. Kl. 18.00. Interesserete kan melde seg til Rolf/Leif Inge for påmelding innan 8. april.

Lønn– Proresult:

På Måndag er det 1. april og dermed må alle passe på å få timane inn i Proresult for mars månad, seinast på måndag!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.