BS Nytt veke 11

Trass høgt Corona fokus om dagen, har me faktisk enda full drift hjå oss.

Me hadde byggemøte med Småkraft for Fivelandselva kraftverk denne veka. Det gjekk greit og me har god framdrift i prosjektet. Nokre kommentarar merka me oss som me vil følgje opp. Både røyrlegging, betongaarbeid stasjon, og boring, sprenging og utgraving for røyrgatetrase har no god framdrift. Og me har godt med bemanning og maskinar på dette anlegget nå.

 

Leif Kåre og Johhny har hatt noko diverse betongarbeid, men måtte så taeit hasteoppdrag på Norsk Stein. Dette er det greitt rom for, så det går bra.

 

Geir Egil og Håkon har ordna noko betongarbeid ved parkeringsplassen utafor Kiwi denne veka.

 

På Eramet har Gunstein, Nils Gunnar og Gjermund klargjort og støypt ein platestøyp på importkaien.

 

På Espeland er fortsatt Elfinn i gang med diverse arbeider ved og rundt skogsvegane. Kurset om skogsvegar han skulle på i Sandeid vart avlyst grunna Corona restriksjonar.

 

Stor bestilling frå Grustaket!

I grustaket gjevinn me betong, og knuser denne og fjernar armering.

BG Suldal har bestilt 5000tonn med grøftesingel til NSL prosjektet for Statnett i Kvilldal! Dette er spanande med «eksport» frå grustaket med båt – måtte det bli meir av dette for å nytte ein knapp ressurs som me er så heldige å ha her i Sauda!

 

Med hjelp av snøfres på hjullastar frå Aartun Transport og Lars Gusdal som sjåfør i Hjullastar med brøteskjær frå oss, fekk me raskt og greitt opna vegen til Vatndalen. Dalekovod er på plass og me hjelper dei også med noko lossing av utstyr. Denne sesongen er det hovudsakleg linjetrekking dei skal utføre i våre områder, og det vert nok mindre omfang av hjelp frå oss. Men no på vårparten har me ansvar for brøyting av Vatndalsvegen.

 

Coronavirus:

Hjå oss er det tiltaka og oppmodingar frå FHI og Sauda Kommune som gjeld.

I tillegg oppfordrar også me til god hygiene, og har hengt opp plakatar på dette rundt om. Diverre er det vanskeleg å skaffe hånddesinfeksjon.  Den enkelte må prøve å unngå handhelsing, nær kontakt med andre, og me får alle prøve å løyse barnepass med heimekontor, sjølv om det er få hjå oss dette passar for– arbeid kveld i staden for dagtid osv.

Enn så lenge er me lite råka hjå oss. Me har ein medarbeidar på reis som vil måtte i karantene når han kjem heim att.

 

Ferielister.

Me har no hengt oppferielister og det er fint om den enkelte fører på ferieønsker, eller legg det inn i Proresult. Me samkjører listene.

Det oppfordras generelt til å legge ferien til fellesferien – tre siste veker i Juli.

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.