BS Nytt veke 11

Vekslande vær, men stadig tiltakande aktivitet og nye tilbod som me arbeidar med og gir.

Me fekk ein gledeleg start på veka, då me likevel fekk leveransen av ferdigbetong til SR Entreprenør som driv betongarbeida for den nye stasjonen til Statnett, på Austerheim. Det er fortsatt snakk om ca 1500m3 som skal leverast, og det gjorde godt å få denne til slutt !

 

På Tangen Reinseanlegg er Gjermund – Nils Gunnar – Wojciech og Darius no i full drift med sjølve grunnarbeida for bygget.I tillegg er Elfinn i gong med graving for oppstillingsplass framfor portane til containerrommet. Vatn ogavlaup er no ført fram og inn i byggegropa.

 

Leif Kåre og Johnny har denne veka vore på diverse arbeider på Norsk Stein og på Eramet. På måndag hadde me ein betongsprøyte-jobb på Norsk Stein som dei klargjorde og  vart godt utført saman med Halvard og Ole Magnus!

På Norsk Stein har og Bjørn Andre, Halvard og Daniel vore denne veka medan Tor Helge kom att få permittering og vart med på arbeida med reinsk av silo på gammal finverk der ute.

Også i neste veke vil alle desse saman med Øyvind være i drift der ute. Me har jo også framleis både Kjell og Olav der med sine maskinar. Det kan og verte aktuelt med nokre maskinar til arbeida med reinsk av siloane.

Me glade for det gode forholdet tilog oppdraga hjå Norsk Stein!

 

Geir Egil og Håkon er fortsatt utleigde til Ryfylke Bygg og har denne veka vore på diverse små-jobbar.

For Dalekovod er Tommy no ferdig med graving for mastefundamenta for den første masta, dette gjekk bra og han var glad for storleiken på gravemaskina, om han skal vidare med same maskina vert no vurdert ved synfaring i dag saman med Statnett for dei neste mastefundamenta.Det er positivt for ferdsel i traseen at det har kome meir snø denne veka. Bjørn Tore har sørga for brøyting av veg inn til Vatnedal og fekk til slutt tilpassa brøyteskjør til hjullastar, noko som nok var etterlengta. Det har vore ein del arbeid med brøyting og strøying for å halda vegen trygg denne veka.

I går leverte me betong til Førrebotn, som og gjekk bra på vinterføre.

 

Arnt Øystein hadde med seg Terje og Bernt Egil Åbø, dei første dagane i veka, og fekk ordna med veg til hytta i Dalavik. Desse arbeida er no nær sluttførte, men maskina vert ståande litt for ein eventuell siste "finish".

 

Leif Harald og Stian er komne svært godt i gong med knusinga av asfalt for Sauda Kommune, dette har gått effektivt og bra.

HMS:

I Proresult har me lagt ut fleire HMS og kvalitetsdokument, her er døme frå avd 500, men også avdeling 600 har fleire. Også stoffkartotekt er å finne i proresult no:

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.