BS Nytt Veke 11

Tilleggsarbeid i Kvilldal

Fortsatt er det kaldt og vindfullt, men mildare i sola på dagtid.

 

I Kvilldal har me fått noko ekstra arbeider og forlenga frist og dermed vil me bruke ei veke og to, også etter påske på å komme i mål der. Me må også arbeide noko meir overtid og bruke ekstra ressursar. Det vert blant anna jobbing i dag, på fredag og også støyping. Dermed utset me det planlagde personalmøte me skulle ha i dag.

Denne veka har me fått grave ferdig for vegkryssinga, støypt på kulvert og magra og montert trekkerøyr i vegkryssinga. På grøfta for overvatn har det blitt gjort sluttarbeid med arrondering av terreng og opprydding.

 

På Transformatorstasjon 1 for Saudefaldene har me klargjort for riving av el-installasjonar, i dag vert det grusa noko og ordna litt utanfor.

 

For Stangeland på Statnett har det vore same drifta frå oss som førre veke. I dag fredagen har dei fri, då dei har lengre dagar før i veka.

Dalekovod er i gong med arbeidet med linja Lyse-Sauda, og dei har tinga betong frå oss her i indre strok. Det gjeld i Suldalsområdet no først, og er i stor grad mindre leveransar til basar for utflyging med helikopter. Det var planlagd ein leveranse i går, men denne vart avbestilt på grunn av for mykje vind.

 

Personalmøte

Me skal setje opp eit nytt personalmøte med same agenda som var planen i dag. Me kjem attende med tidspunkt for dette – det blir etter påse.

 

HMS – Den viktige augekontakten og bruk av tegn!

Igjen minner me om viktigheten av kommunikasjon mellom førar av maskin og personell utanfor.

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.