22/2/2019

BS Nytt Veke 8

Det er vårleg ute og mer ser nokre små skritt mot ein situasjon med meir arbeid for oss no.

For Ryfylke Bygg på «Bakeri» tomta  har Wojchiech og Tommy denne veka fått støyp tringmurar og fundament til innvendig bærevegg, og lagt fram bunnledning og delvis planert

for gulv på grunn.

 

Arbeida med reinseanlegget på Tangen skrider framover, og denne veka har det vert etablert nokre VA kummar og tilhøyrande infrastuktur. Utfordring med kummar lågt i terrenget og sjøvatn / tidevatn, men ikkje verre enn at det løyser seg.

For Veidekke på Statnett Austerheim har Gjermund og Nils Gunnar denne veka utført diverse arbeid for Statnett og itillegg gjort noko ventilasjonsarbeid for Veidekke på garasjeanlegget til Statnett. Arbeida for Veidekke går mot slutten og vert truleg ferdige i nesteveke.

 

På Norsk Stein har Leif Kåre og Johnny denne veka starta med mindre betongarbeider som vert avslutta tidleg nesteveke.

 

Geir Egil og Håkon er leide ut til RyfylkeBygg og har denne veka vore engasjert med tømrararbeid på eit tilbygg tileinebustad.

 

Arnt Øystein er i Dalavik for å bygge vegog parkering til hytta til Liv- og Helge Eik-Nes der.

 

Arbeidssituasjon:

Me fekk leige ut bemanning til Norsk Steini 2-3 veker for spyling og reinsk av siloane på finknuseverket  som vart råka av brann i fjor. Dalekovod ønsker gravemaskin til snørydding, samt leveransar av betong.

denne veka har me henta inn att nokre av dei som har vore permitterte. Me arbeider stadig med tilbod og forespørslar,slik at me anar ei lysning av situasjonen no.

 

HMS:

På anlegget med Renseanlegg på Tangen harvi nå tatt i bruk anleggsterminalen frå Proresult for registrering av mannskap.Viss du skal inn å arbeide der, husk å registrer deg! Og husk at mannskap frå andrefirma som gjer arbeid der skal også registrere seg. Dette er vårt ansvar somhovudbedrift på anlegget fram til Ryfylke Bygg overtar dette ansvaret når dentid kjem.

 

Gratulera til Sauda IL med 100 års jubileum som markerast i kveld. Me har støtta idrettslaget over lang tid og er med på jubileumsfering i kveld.