15/2/2019

BS Nytt veke 7

Fortsatt ventar me på ein del avklaring rundt mulig nye jobbar, men er heldige med været for det som er i drift.

For Veidekke på Statnett Austerheim har me denne veka ferdigstilt oppfylling av pukk bak muffesjakter og har no starta arbeida med fundamentering av ny utvendig trapp til muffesjaktene.

 

På «Bakeri» tomta  er me i gong med forskaling og armering av ringmur inklusiv montering av forankringsplater til søyler for dekke over 1.etg. Når ringmur er støypt vil me starta på arbeida med plassering av bunnledningar og oppbygging av isolert betongplate på 1. etasje i bygget.

 

Me har no gjort avtale om å leige ut Geir Egil og Håkon til Ryfylke Bygg fram til påske.

 Arbeida med Reinseanlegget fortset for fullt. Litt utfordrande med tidevatn på dei lågaste punkta, men ikkje verre enn at det fins løysingar.

Denne veka har me fortsett med enda meir sprenging på lagertomta på Birkeland og me produserer massar frå dette i grustaket.

 

Rolf var ein tur på kundebesøk hjå Norsk Stein og fekk innblikk i store dimensjoner. Maskina til Kjell blir liten i dette bilete (blå ring rundt). Det ligg an til at Olav og Kjell kan fortsetja arbeida sin for Norsk Stein dette året.

 

Arbeidssituasjon:

Nokre mindre oppdrag, blant anna for Norsk Stein, Eramet og Brødrene Thorkildsen har komme til denne veka. Men enda har me mindre arbeid og ein gjeng som er permitterte. Enda er mykje uavklart, men me jobbar hardt med sal og oppfølging no for å skaffe arbeid somme kan komme snart i gong med. Blant anna prøver me no og vinne fram som underentreprenør på Risvollelva kraftverk.

 

HMS:

I Proresult har me ein del HMS og kvalitetsdokument, skjema og sjekklister. Det er svært viktig at desse brukas.Og at ein gir tilbakemelding på ønska forbetringar av desse.

Rune har ordna eit meir generelt skjema for vernerunde i tillegg til det som ligg frå før:

 

 

Gratuleratil Terje Jekteberg med dagen i morgon! Og gratulera til Bjarne Tveit med 70 årsdagen måndag 18. februar!

 

Ha ei god veke!