20/12/2019

BS Nytt veke 51

Alle i arbeid og fullt trøkk inn mot jul og nyttår her hjå oss!

På Eramet har Wojchiech og Darius blitt ferdige med betongvegg for kjøling av slaggskolder, og i tillegg har dei hatt norkre mindre jobbar der.

På grøfta for Sauda Fjernvarme er det nå fokus på å fylle igjen, som me ser av bilete over.

 

I dag sprenger me enda ei stor-salve for Tjødnaskarvegen på Espeland. Dette for å sikre oss nok grove massar til vegen. Ved nedbør må me være obs på slamming, stein og anna rusk og rask som kan tette stikkrenna for hovudvegen, men desse røyra skal jo også skiftast ut innan relativt kort tid.

 

For Fivelandselva kraftverk er det stadig framdrift, og me hadde besøk av Småkraft for kontraktsmøte, gjennomgang av framdrift og SHA plan osv på onsdag denne veka.

 

Leif Kåre og Johnny støyper fortsatt på fundamenter til transportbånd for Roxel på finverk 100 på Norsk Stein. Ellers er Kjell, Olav og Hallvard også engasjerte der ute for tida.

 

Geir Egil og Håkon er ferdige med betongarbeida for støttemur til Alf Magne Kaldheim, og klargjer nå muren med grunnmursplast og drensrøyr, før me fyller tilbake massar.

 

På Statnett Austerheim er Gjermund og Nils Gunnar leigde inn av BRG for diverse fundamentarbeider og eit halvtak for lagring av utstyr.

 

I Hellandsbygd har Stian hatt noko gravearbeid for Dagmar Andersen via Sauda Rørhandel.

 

Håpar det er akseptabelt at me tjuv-låner dette bildet frå Statnett. Det er ikkje så lett å sjå, men på denne jobben er 15 isolatorstøtter fra oss i bruk.

Proresult - Juleregistrering av timar.

Husk å føre beveglige helligdagar halva julafta. Heile 1. og 2. juledag. Halve nyttårsafta og heile1. nyttårsdag.

Om du tar fri / ferie –dagane og dei halve dagane i mellom må du hugse å føre dette også i Proresult! Velg 9 fri/ferie/bevegelig helligdag osv…

 

Gratulera med dagen til Alf Ottar i dag, og lykke til med pensjonist tilværelsen!

 

Ha ei god jul og eit godt nyttår!