13/12/2019

BS nytt veke 50

Godt vær for anleggsarbeid enda, og me nyttar været godt for framdrift rundt om.

På fjernvarme-prosjektet ved Vakta ligg me nå godt an til få sveisa saman røyra. Tilbakefyllinga går for fullt, og me har også fått på plass det meste av VA-røyr og kabeltrekkerøyr i bakken. Det store spørsmålet nå er været vidare framover, og eventuelt moglegheit for å rekke asfaltering før vinteren set inn for fullt.

Inne på Eramet har Wojciech og Darius og Gjermund, saman med Geir Egil og Håkon (i periodar) hatt ymse betongarbeid under stansen på omn 11. Me ser på bilete over at det er god stemning i trillebor køen! I tillegg har me klargjort for støyp av vegg til kjøling for slaggskolder.

 

På Tjødnaskarvegen er det fortsatt god drift med knusing og utlegging av massar for vegen. Det vil nok bli sprengt enda ei stor salve, for å sikre at me får nok av desse massane til vegen.

 

Området endrar seg langs Fivelandselva. Denne veka er røyra til vassvegen for Fivelandselva kraftverk leverte, og me har vore involverte i mottak, lossing og lagring av desse. I tillegg har me avdekka fjell ved stasjonstomta, men det viser seg å var rotafjell og kanskje behov for lausmasse-fundamentering. Neste veke kjem høgspentkabelen som me håpar å få ned i grøft langs vegen

 

Johnny og Leif Kåre har denne veka støypt rundt pelar og fundament, og fortsett med fundamentarbeid til transportbåndet for Roxel på Norsk Stein.

Olav har og sendt eit bilete i frå sin kvardag, med diverse gravearbeider på Berakvam. Også Kjell er stadig i drift med gravemaskina for Norsk Stein som er blitt ein svært viktig kunde for oss. Når Eiliv no har tatt seg vel fortjent ferie på slutten av året,har Halvard trådt inn som reparatør på verkstaden der ute, leigt ut frå oss i vekas tri første dagar!

Hjå Alf Magne Kaldheim har Geir Egil og Håkon gjort ferdig forskaling og armering på støttemuren, og vil støypa denne tidleg neste veke. I tillegg var dei som nemnt med på støypinga rundt mixerøyra til ovn 11 på fabrikken. Og dei har også montert gjerde og porter for Saudefaldene i indre enden av Birkeland.

 

Kvalitetsavvik.

Me er inne i vårt andre tilsyn frå Direktoratet for byggkvalitet denne hausten. Denne gongen er det eit såkalla dokumenttilsyn der me skal sende inn ymse eksempel frå vår tkvalitetssystem og bruken av dette.

Blant anna vil dei ha døme på avvik som er oppdaga og handsama av oss. Me har funne dette og reknar med det meste skal være i orden hjå oss.

Likevel er det eit godt høve til å minne om å registrere kvalitetsavvik skriftleg i proresult når dette skjer, eller oppdagast. Me har og nytta høve til å lage eit betre skjema for dette i Proresult!

 

Velkommen til Julebord!

Me tek eit tradisjonelt julabord på Sauda Fjordhotell i kveld. Me nyttar høve til å takke dei som går /har gått av med pensjon i 2019.

Gratulera til Olav med dagen, torsdag i neste veka!

Ha ei god veke!