14/12/2018

BS Nytt veke 50

Kalde fine dagar, men mildvær i vente, og nye oppdrag til oss.

Hjå Paul Bjarne Foss har me denne veka støypt kjellergolv og vegg til kjellertrappa, og i tillegg har me starta med å fylle inntil og arbeid med planering.

Hjå Eirk Birkeland har me denne veka støypt golver i kjellaretasjen, og drenert og isolert området til carporten. Me byrjar no å ane at huset vil ta seg godt ut når det vert ferdig!

For Veidekke på Statnett har me denne veka utført diverse arbeid, og venta no på ei avklaring frå geolog om fjellsida bak muffesjakter må sikra med sprøyrebetong

På Norsk Stein pågår det arbeid med forskaling og armering av eit større fundament til ny pumpecontainer i steinbruddet. I tilleg er Kjell og Olav stadig i drift med sine maskinar der ute.

På Saunes hjå Airin Solland har me starta med forskaling og armering av vegger til ny carport og terasse.

Me er fortsatt i gong med å legge røyr for Sauda Fjernvame i grøfta ved idrettsplassen. Knut har sveisa og Gunstein og Arnt Øystein er no på plass med maskinar for å legge røyra i grøfta.

 

Elfinn har hatt arbeid med ein skogsveg i Fløgstadåsen for Karl Anders Fløgstad, men er no attende ved grustaket for diverse arbeider der. Me avdekker og klargjer nye områder for produksjon.

I det heile så  trappar me no opp produksjonen i grustaket, og gjer og ein del oppryddingsarbeid. I tillegg tar me og noko etterslep på vedlikehaldssida på knusarar og diverse i grustaket.

 

Nytt Arbeid:

I neste veke vert det eit lag frå oss, med Rune i spissen som skal til Åkrafjorden for å gjere eit arbeid med å tette noko vass-lekkasje, i Fjæra tunnellen.

Det vert montasje av nokre tunnell matter og litt sprøyte betong.

 

Småkraft har tatt ei avgjerd om å byggje vegen til Kraftstasjonen for Fivelandselva kraftverk, og dette vert sett i gong så snart formelle søknader om vegen er godkjende.

Sjølve kraftverk prosjektet skal avgjerast i interne prosessar i Småkraft i slutten av januar 2019!

 

Ryfylke Bygg har tinga oss til grunn og betongarbeidet med «Leif Moe» bygget, der Rysteg skal i gong med nytt bakeri. Også her vert det start snarast, så fort det formelle er på plass.

 

Ny Ingeniør.

Me har tilsett Margrethe K Stensholt, som ny ingeniør. Ho er nyutdanna sivilingeniør frå NTNU i Trondheim innan bygg ogmiljøteknikk.

Margrethe startar hjå oss 7. januar.

 

 

HMS

HMS revisjon frå Eramet i går bekrefta at me arbeider godt med-, og har fokus på HMS hjå oss. Likevel er det slik at me fortsatt har potensial for forbetring og me alltid må fornye og forbetre rutinar og ikkje minst styringa og leiinga av vårt intern kontrollsystem.

Me takkar for gode innspel frå Eramet og tidligare revisjon frå Saudefaldene og bruker desse for fullt i vårt vidare arbeid med HMSE!

 

Føring i Proresult – Jul –romjul og nyttår:

 

Husk bevegelige helligdagar og eventuell ferie nå i jula. Alt skal førast. Velg prosjekt 9 og bevegelig helligdag for halve Julafta, heile første og andre juledag, samt halve nyttårsafta og heile første nyttårsdag!

Halve Julafta og halve nyttårsafta, som ikkje er hellig, må ein då føre som fri / u lønn.

I tillegg er det sikkert mange som tar fri/ferie 27. og 28. desember, og da må ein også velge 9 og ferie, eller fri /u lønn.

 

Jula-avslutning – NB:Justert klokkeslett for oppmøte kl .11.45!

Fredag21. desember tek me den tradinsjonelle juleavslutninga i matsalen me møter oppkl. 11.45 og kosar oss ut dagen J!

 

Gratulera med dagen til Olav onsdag 19. desember.

Ha ei god veke!