1/2/2019

BS Nytt veke 5

No kan me få starta opp med eit par nye prosjekt som me har venta på å kome i gong med.

På Bilete over er ein 3D modell av bygget på det nye reinseanlegget på Tangen .Trappa vert noko endra, og nokre mindre detaljar ellers. På taket har dei lyst å ha solcellepanel som visast. Det blå partiet viser ein tenkt offentlig wc på Tangen. Utstikket over sittebenken på veggen nede er 3 meter, dette er ein liten teknisk utfordring.

Endeleg kom me no i gong med dette! Elfinn flytta seg ned med maskin på tirsdag, og sette då i gong med snørydding. No er han og i gong med å grave ut for sjølve byggegropa for bygget.

 

På «Bakeri» tomta ved « Leif-Moe bygget» i sentrum har me fått ordna med kloakkleidning, og har no fått klarsignal for å starte på betongarbeida. Ryfylke Bygg er kunde og Byggherre på dette prosjektet, og Rysteg skal opne bakeri i lokala når bygget er ferdig rehabilitert.

 

Johhny og Leif Kåre avsluttar i dag midlertidig den omfattande ryddejobben dei har gjort på lageret vårt på Birkeland, og startar på måndag med betongarbeida for nemnde bakeri. Også denneveke har dei hatt noko mindre betongarbeider for Eramet innimellom ryddinga på Birkeland.

 

For Veidekke på Statnett Austerheim har  Gjermund og Nils Gunnar no rive forksalinga på støtteveggene, i tillegg har dei reinska eit berg for jord og massar og montert ståltrapp. Planen er i neste veke å fylle med singel eit stykke opp bak muffesjaktene.

 

I Grustaket har me fortsatt full produksjon,sjølv om det er vinterlege forhold.

 

SKL melder at det er seks konkurrentar som knivast om grunn- og betongarbeida for Risvollelva kraftverk, og at me kan venta ei avklaring mot slutten av neste veke.

Kvalitet / Effektivitet:

Når me no har tatt eit skippertak på lager Birkeland, så er det viktig at med fullfører dette i løpet av våren.

Det er også svært viktig at alle "brukarar" av lageret er disiplinerte når ein skal lagre ting der framover. Kanskje ein skal vare litt kynisk med kva som lagrast? Og at det som ein vel å lagra vert lagt fint, på ein høveleg plass, og at ein tek vurdering om kva som bør få prioritet å liggje under tak!

  

Gratulera med dagen til Trygve på tysdag 5.februar og til Tita på onsdag i neste veke!

 

Ha ei god veke!