6/12/2019

BS Nytt veke 49

Full fres på både grave- og betongarbeid også denne veka.

På Eramet har Gjermund, Wojciech, Darius og Nils Gunnar denne veka vore med på diverse arbeider under stansen på Omn 11, me har meisla laus mixerøyr og fjerna noko betongdekke rundt mantlar i femte etasje. I tillegg har me starta med reinsk og montering av hex-metall rundt tappehol på begge sider av dekke.

Me er nå godt i gong med tilbakefylling og ymse tilleggsarbeid med trekkerøyr og VA-leidningar i grøfta med fjernvarmerøyr i Vakta. Neste veke vert det fullt kjør på sveising av det som står att av dette, og det er håp om å komme i mål med sveising før jul.

 

På Tjødnaskarvegen på Espeland har det gått for fullt med utlegging av knuste massar, og me drar oss nedover mot bebyggelsen. Der vert det og ein stor operasjon med bytting av dagens bekkerøyr og større røyr, diameter 800mm på totalt 80 meter lengde.

 

For kraftverket Fivelandselva har me rydda oss oppover i røyrgatetraseen, og me har også klargjort kabelgrøft fram til stasjonen. Kabelleveransen er forsinka, men materiellet kjem i slutten av neste veka. Så får me håpa at snøen held seg vekke her!

Leiv Vidar ordnar med ein "snill" pallegaffel for mottak av røyra til kraftverket

 

På Norsk Stein for Roxel, har Leif Kåre og Johnny arbeid med fundamenter til transportbånd. Dei vart midlertidig stansa på grunn av sterk vind og HMS omsyn til dette i går, men er i gong att i dag.

Geir Egil og Håkon har denne veka støypt fundament til betongvegg hjå Alf Magne Kaldheim, og i tillegg montert og klargjort for støyp av fundament til gang- og kjøreport for Saudefaldene,inne ved 66 kv linja på Birkeland.

Her har me også hatt tilbakefylling av kabelgrøft for Saudefaldene (66kV) og arronderingav terreng. No vert det og grind for dei som går tur i området.

Stian har utført slukreparasjon på Esso.

HMS – arbeid nær kraftlinjar og kablar i bakken.

Saudefaldene har delt ut ein folder om arbeid nær kraftlinjer og kablar i bakken. Denne deler me ut til alle sjåførar, og også eit par til Ølen Betong på blandeverket.

Me skal og få scanna dei inn i Proresult!

Husk å varsle om du skal i arbeid nær kraflinjer – dette er kvar einskild av oss sitt ansvar!