29/11/2019

BS Nytt veke 48

Fortsatt driv me godt arbeid i prosjekt med grunn og betongarbeid. Og været er med oss!

I sentrum fikk me levert og montert rekkverket på rampa til det nye bakeriet. Alf Ottar har all grunn til å være stolt over håndverket sitt her! Bakeriet er i gong med prøvebaking, slik at dufta av bakeri igjen kan strøyme ut i sentrumsgatene!

På Tjødnaskarvegen opp frå Espeland går det for fullt om dagen. Me har sprengt nokre store salver som vert knust, og lagt ut som forsterkingslag for bygginga av den nye skogsvegen.

 

For kraftverket Fivelandselva har me starta med noko skoging for røyrgatetrase. På bilete over ser me Tommy nyttar gravemaskina til å rydde felt tømmer.

 

På Norsk Stein for Roxel, driv Johhny og Leif Kåre denne veka med etablering av betongfundament til transportbånd frå finsikteanlegget. I tillegger Eiliv engasjert halve veka med arbeid som reparatør.

På Eramet har Wojciech – Darius – Nils Gunnar og Gjermund støypt golv i terminalstasjonen og fundament til betongveggen for slaggskålder, og i tillegg gjort nokre mindre betongarbeid på venturirom ovn 11.

 

Geir Egil og Håkon har denne veka gjort ferdig arbeida hjå Magne Prestegård, og starta med fundamenta til ny støttemur hjå Alf Magne Kaldheim.

 

For Dalekovod  har Vetle vore engasjert med å fylle inntil mastefundamenter ved mast 213. Dette er litt i høgda, og me ser dei har det kvitt og fint der.

Bernt Egil har og vore i gong både oppe ved Svortetjønns-vegen og nede på Birkeland.

 

I grustaket har Kjøle steinindustri henta stein for sliping og bearbeiding til gravsteinar. Nytt nisjeprodukt frå gustaket!

På Blandeverket har det vore innspurt med ei veldig travel siste veka for oss. På Måndag overleverer me som kjent til Ølen Betong. Me ser fram til eit godt samarbeid, og til å få fokusert meir på det som blir vår kjernekompetanse framover.

 

Rutiner for bestilling av betong.

Husk nå å bestille betong i god tid, riktig type, riktig mengde og konsistens. Vidare bør den enkelte registrere i proresult kva som er mottatt og kvittert for; transport og venting inkludert. Eventuelt ta bilder av listene. Det blir også viktig å samkøyra støypane slik at vi få effektiv utnyttelse av innkjøpte betongleveransar.

 

Personalmøte

Takk for godt møte onsdag kveld, der me gjekk gjennom bakgrunnen for salg av blandeverket, og ein del om vegen vidare.

Ha ei god veke!