30/11/2018

BS Nytt Veke 48

Været svingar, men for oss var det greit med mildvær.

ReinseanleggTangen

Me skreiv i dag kontrakt med Sauda Kommune for dette oppdraget. Det er Grunnarbeid, vatn og avlaup, samt betongarbeida me skal stå for. I starten er det Tommy med maskin som byrjar med graving.

 

I Åbødalen har me fått sikra Eramet sin vasstilførsel som brått var blitt blottlagt i elva etter haustens flaumar. Med ein grov og massiv betongkonstruksjon vil ein ha god sikkerhet for beskyttelse av leidningen.

Inne på Eramet har me også denne veka hatt skiftarbeid i eit døgn med å reparere  katastrofegropa på omn 12 C side. Me har sprøyta betong på vegger og støypt nytt golv i delar av gropa. I tillegg har me hjelpt til med innstøyping av mixe røyr og platestøyp i Ovnshus 2.

På Ramnafjell er trafoen komen på plass,og frå vår side står det no att noko omstøyping av kablar og overdekking.Om været tillet det vert det støypt i dag fredag.

 

Hjå Vallentin Svelland har me starta med bilveg med enkel standard bort til naustet hans i område ved Sagelva.

 

På Norsk Stein har me denne veka planert og starta med forskaling og armering av fundamentplata til vaskeanlegget.

 

For Ryfylke Bygg på Åbø va det hektisk aktivitet og god innsats frå alle tidleg i veka, for å støype plata til leilighetene før vær-omslaget kom på natt til torsdag

 

På Statnett vert det meir arbeid for Veidekke, over helga skal me i gong med utskifting av nokre kummar i tillegg til fjellreinsken som er i gong med RS Stilas

På tysdag får me besøk av BRG og Brødrene Thorkildsen som skal i gong med neste fase av arbeida på Statnett i starten av februar neste år.

 

Også verkstaden vår og gjengen der fortjener omtale. første bilete over viser Alf Ottar, som toppar ansiennitetslista vår. her er han ved dreiebenken. Vidare er det ein av våre nyaste tilsette Daniel Fattnes som driv med sveisearbeid her. Og så eit bilete av lastebilen til Lars Gusdal, som me må kalla partner, eller hoffleverandør hjå oss, og som faktisk må på verkstad av og til, sjølv om han stort sett er på vegen monge timar av døgnet!

HMS Glatt i vintermørket!

Natt til torsdag kom det omslag i været frå kaldt til mildt. Dette gav i nokre område det me kallar underkjølt regn, og andre stader var det is på overflater, som fortsatt ikkje var smelta på morgonen torsdag. Fleire fekk merka dette både til fots og i bil.

Dette er eit viktig fenomen og ha i tankane når desse tilhøva er aktuelle!

Halv Skatt

Bodil melder om lønnskøyring over helga, og at me på denne desemberlønna får halv skatt, for å ha litt ekstra til julegraut og presangar. Dersom ein ikkje ønskjer halv skatt må du gi ein melding til Bodil om dette.

 

Gratulera med dagen til Bjørn Andrè på måndag 3.desember!

 

Ha ei god veke!