23/11/2018

BS Nytt Veke 47

Me vant anbodet med grunn - va og betong arbeid for Reinseanlegg Tangen!

Vann Anbod

Me var heldige og vann anbodet med grunn –VA og betong arbeida for det nye reinseanlegget på Tangen for Sauda Kommune.Det var godt å vinne dette no, når mange av våre større prosjekt var ferdigstilt. Og Prosjektet med Stasjon 1 i Hellandsbygd vart stoppa.

 

Ved idrettsbana er det no fjernvarmerøyr som blir lagt, i tillegg har me ordna til «kastebanen» på grusbanen, slik at me håpar det vert bra att etter vår bruk i samband med VA prosjektet i Åbødalsvegen.

I Birkelunden skal me lage ein større kum for Sauda Fjernvarme der det skal setjast inn nokre ventilar etc..

I Hyttefeltet Haugane 3 er arbeida ferdige, men me grovplanerer to hyttetomter denne veka. Og flyttar vekk maskin frå prosjektet over helga.

 

På Norsk Stein har Johnny og Leif Kåre denne veka støypt plate til kjørbane fram til slamkum på vaskeanlegget og ferdigstilt ringmur og støypt plate til nytt ventilasjonsrom på administrasjonsbygget.

 

For Ryfylke bygg har me denne veka hatt sterkt fokus på grunn og betongarbeida til leiligheten på Åbø pga kaldeværforhold framover.

Geir Egil og  Håkon er tilbake i ein periode for å få dette prosjektet ferdigstilt og har med god hjelp av Wojciech og Darius fått støypt ringmurane og er i dag i gong med planering for golv.

Gjermund og Nils Gunnar er saman med RS Stillas  engasjert av Veidekke på Statnett  med sikring og fjellparti bak muffesjakter og har i tillegg hatt ein mindre jobb med støyp av utsparingar på Eramet.

 

Atle og Tor Helge har vore engasjerte med nokre grunnarbeider og er nå hos Eirik Birkeland for å klargjere for golvstøyp i underetasjen.  

 

Neste veke frå onsdags ettermiddag skal me gjer noko sprøytebetong og platestøyp på Eramet. Dette arbeidet må ha døgndrift og me legg opp til skiftarbeid nokre dagar .        

 

Me har og hatt nokre jobbar med sprøytebetong denne veka. Blant anna på Norsk Stein i går!

 

HMS Vinter

Det ser ut til å bli enda meir minusgrader og vinter neste veke, og mot neste helga nedbør som snø. Viktig å ha vinterdekk / kjetting klar til kjøretøy, dei fleste har nok det no.

Og tenke over utstyr som kan var utsatt ved frost, dekke til, og / eller får det eventuelt under tak.

Ha ei god veke!