15/11/2019

BS Nytt Veke 46

Fortsatt er det arbeid for fullt med maskinar og betong i mange ulike prosjekt hjå oss.

På Svartkulp vart me ferdige i forrige veke. Dermed har Håkon og Geir Egil nå komme i gong med forskaling av vegger for anneks til Magne Prestegård i Svandal.

 

På Norsk Stein har Leif kåre og Johnny denne veka avslutta arbeida med avstivningsveggene til siloar på finverk 100, og har nå starta med fundament til transportør nord for omlastehus.

Olav og Kjell er fortsatt i gong med diverse gravearbeider med kvar sin maskin. Ein omvisning i bruddet av tidligare bruddsjef Kjell Petter Hamre (bilete over), viste at arbeid med avdekking av nytt fjell nå nærmer seg ferdig for ein periode framover.

Gjermund og Gunstein er i avslutningsfasen med natursteinsmuring på Tangen Renseanlegg.

 

På Vegen til Fivelandselva kraftverk har Vetle og Tommy hatt arbeid denne veka, over helga vil Tommy flytte seg ned til Statnett Austerheim, der han skal utføre noko gravearbeid.

 

Bernt Egil er fortsatt engasjert med arbeid for Dalekovod på mast 211 ved Svortetjønnsvegen, når han er ferdig der, skal han ordne til rundt nokre mastefundamenter nede på Birkelandsmoen, då for Statnett direkte.

Ovafor Espeland er det god drift på Tjødnaskarvegen. Første del er lagt ut, og me er i gong med ei ny storsalve for å få meir vegmassar.

 

På fjernvarmegrøfta har sveisinga gått svært bra, med god hjelp også av det fine været om dagen. Me nærmar oss nå å kunne starta med å fylle igjen grøfta.

 

Bjørn Andre og Nils Gunnar (bilete viser to andre frå oss over her) har denne veka klargjort steinlegging på snuplassen ved Pit 2.

 

I Hellandsbygd har Wojciech og Darius ferdigstilt betongarbeida rundt låvebru hjå Øystein Årthun, og i tillegg har dei hatt ein del diverse småjobbar denne veka.

I dag – fredag har me ein travel dag på blandeverket med over 50 m3 til Hebnes,

5 betongbiler, 1 betongpumpe(Pumi) med meir involvert.

 

HMS – ikkje lov å snakke i telefon når me køyrer!

Eramet fekk inn eit avvik på nokon frå oss som snakka i mobiltelefon medan han køyrde. Dette er jo uansett ulovleg, og noko som politiet har kontrollar på av og til.

Eramet presiserer at slikt forbod også gjeld inne på deira område. Og me har same policy internt hjå oss. Ta kontakt om du treng hands –free utstyr!

 

Tor Helge takkar for blom og gratulasjonar då han fylte 70 for eit par veker sida!

 

Ha ei god veke!