25/10/2019

BS Nytt veke 43

Variert arbeid med betong, grunnarbeid og diverse også denne veka.

På Reinseanlegget på Tangen er no trappa ferdig støypt, og arbeida med diverse natursteinsmuring og utomhus generelt skrider stadig framover. Blant anna har me montert opp fotskraperister og starta med planering for avlastningplate og gatevarme. Me ser no at det nye bygget med utvendig terrengutforming, vil ta seg godt ut og løfte Tangen som rekreasjonsområde.

 

I fjellet oppe ved Svartkulp er det god framdrift på arbeida med forskaling og armering av dekke over lukehuset der.

 

Tilkomstvegen til Fivelandselva Kraft er det full framdrift på, og me har no fått sprengt oss gjennom. Slik at no er det arbeid med sjølve utforminga av vegen det går i. Småkraft har i tillegg varsla leveransen av røyra, og me er førspegla og starte på deler av kabelgrøfta for nett-tilknyting så snart me er ferdige med vegen og har kapasitet. også teikningsgrunnlag for stasjon og inntak er snart klar.

 

Elfinn og Vetle har begge vore i arbeid for Dalekovod denne veka med inntil-fylling av kvar sine maste-fundamenter. Vetle får fullført i dag, medan Elfinn vert ferdig over helga og vil då flytte seg til skogsvegen på Espeland.

 

Arbeida for Sauda Fjernvarme er fortsatt i gong hjå Eramet, og me har også eit par platestøypar og arbeida med utviding av snuplass pit 2. I tillegg har me gjort noko reparasjon på avsugfundament til sandsenger omn 11.

 

Ved stadion er me no endeleg i ferd med å lukke grøfta for Fjernvarme.

 

På Norsk Stein har Olav,Eiliv og Øyvind denne veka hatt arbeid med klargjøring av golvstøyp i ny lagerhall.

 

Leif Kåre og Tor Helge har rigga og montert prefabrikkerte vegg-element, og er nå i gong med armering og forskaling rundt elementene for å binda dette saman til ei stiv skive.

 HMS frå Dagens Bygg.no:

 Mann alvorlig skadd i gravemaskinulykke i Trøndelag

Under arbeid med en gravemaskin var det en mann i ei grøft. Den ene veggen i grøfta kollapset og mannen fikk massene over seg, sier operasjonsleder Stig Roger Olsen i Trøndelag politidistrikt til NRK.

– Tilstanden er alvorlig, sier politiførstebetjent Berit Trønsdal til lokalavisa OPP.

Ha ei god veke!