18/10/2019

BS Nytt veke 42

Både graving, grunnarbeid og forskaling / armering føregår for fullt i mange prosjekt.

På Svartkulp er det stadig framdrift på arbeida med lukehuset over den nye tappeluka frå Svartavatn. Siste veggstøypen var gjort på onsdag og Geir Egil, Håkon og Johnny er no i gong med forskaling av tak / dekke.

Dei var alle i godt humør og nøgde med å gjera arbeida for Saudefaldene, som dei meinte var ein svært god byggherre som la godt til rette for at dei skulle få gjera arbeida under beste moglege høve. me vonar å komme i mål innan eit par tre veker, slik at me får fullført det meste før vinteren.

På Tangen, på reinseanlegget for Sauda Kommune, går det for fullt med muring og utandørsarbeid,legging av varmerøyr og forskaling og armering av trapp. Trappa skal støypast på måndag.

 

På arbeida med vegen til Fivelandselva kraftverk går det og stadig på fram. Det er Tommy, Bjørn Tore og Håvard som har vore sterk involverte i desse arbeida denne veka.

 

Elfinn er no i ferd med å ferdigstille grøfta for Saudefaldene og skal så hjelpe Vetle litt med å fylle inntil ei mast for Dalekovod – før han flyttar seg med maskina til Espeland for å starte arbeida med skogsvegen der.

 

Også arbeida for Sauda Fjernvarme ved vakta hjå Eramet går for fullt. Her er det Arnt Øystein som har styringa i det daglige og med gravemaskina.

 

Bjørn Andre har vore rundt på ulike oppdrag, blant anna var han på Esso for å grave fram  drivstofftankar for inspeksjon /sertifisering.

 

På Eramet har me og starta arbeida med ein større snuplass for arbeidsmaskinar i område «pit 2»,der me og har noko betongarbeid med ein mur som skal sikre denne plassen.

 

I Slettedalen har Kai Årthun vore engasjert for å gjere grunnarbeida for garasje. Det vel den nye trakkemaskina til Sauda IL som skal husast i denne.

Arbeida med avstivnings-skiver for finverk 100 på Norsk Stein pågår for full med produksjon her på Treaskjæret (Bilete over)

 

Stian Fløgstad ha utbetra veg og diverese  forFriluftsrådet vest, frå Jonegarden og inn mot Kvernhuset på Hustveit.

Øyvind Årthun har klargjort for ein bom for Sauda VGS på Birkeland.

 

Proresult –timeføring.

Husk å før timane dine på rett kunde / prosjekt og underprosjekt i Proresult. Dette er kjempeviktig for åfå fakturert rett på dei ulike prosjekta! Sjekk og dobbelsjekk med din formann og/ eller avdelingsleiar at timane dine er ført rett.

 

Gratulera med dagen til Stein Vidar som var onsdag 16.oktober.

 

Ha ei god veke!