5/10/2018
Me søker etter Ingeniør - tak kontakt og søk om du er interessert!

BS Nytt Veke 40

Vinterlege forhold i høgden denne veka, men fullt kjør for vår del.

På Finnflot driv Bjørn Andre fortsatt med maskinarbeid nedstrøms dam.

Gjermund og Nils Gunnar har flytta seg til nedre Sandvatn for å etablere ny tilkomst til lukehuset på dammen her.. Det har vore utfordrande vinterforhold der denne veka. Men dette er blitt løyst på gode måtar frå Saudefaldene.

 

På Ramnafjell vert det helikopter i dag igjen for å legge kabel vidare nedover i grøfta. Viktig at me nyttar oss av dagar med helikopter vær. Også her har det vore full vinter med ein del snø som har hindra oss noko mot toppen den veka. Men lenger nedover har me fått gjort mukje godt arbeid, og grøfta er der no lukka på ein ca 500 meter lang strekning. det er også støypt over ca 200 meter kabelgrøft, og med godt vær håpar me å få støype ca 250 meter neste veke. det vi då stå att ca 50 meter til skøyting og liknande er utført.

 

I Slettedalen på bru nr5, og ved føringskanten på Øverland har me også denne veka utført forkalings- og armeringsarbeid.

 

Me har bytta litt på teamet som blir leigt ut til Ryfylke Bygg. Her er Håkon no blitt med Geir Egil å føre opp den nye varmestova i Slettedalen. Leif Kåre er i gravemaskin på Ramnafjell, og planen er at han skal vidare til Tengesdal i neste veke.

 

Trygve driv fortsatt med å grusa plassen i Raundalen. Men tek og andre oppdrag i mellom, når det er behov for det. I dag vert det mykje lastebilar i sving for å tømme grusbåt frå Berakvam.

 

I Vatndal har me hatt god fradrift, men må me no sørgje for å bli ferdige denne månaden. Tommy er på plass med gravemaskin og det hjelper. Sjølvsagt står også alle dei andre der oppe på for fullt, og me skal nok kome i mål. No er me på ein strekning langs Vatnedalsvatnet som krev ekstra skånsom utøving av arbeida, for ikkje å skjemma strandsona her. Me er også i gong med å gruse vegen i frå den heimre enden. Ferdig veg synes me sjølv ser bra ut!

 

I Åbødalsvegen og Wergelandsvegen er no Håkon Bjørndal på plass for å setje granittstein. Me har elles godt med ressursar for fullføring også av dette prosjektet no i oktober.

På kveldstid har me og fått kome i gong med grunnarbeida for Ryfylke Bygg sitt nye prosjektleiligheter på Åbø.

 

I Svandal er det fortsatt full sving på arbeida med Haugane 3. I tillegg er me no i gong med hyttetomta til Jo Eide.

  

HMS

Ved Festing av ting som skal løftas, så husk å var nøye med å feste ting skikkeleg som skal løftast, enten det er med helikopter, kran / kranbil, eller gravemaskin. Bruk sertifisert utstyr og husk å dobbelsjekke at det er grov nok dimensjon på alle deler av løfteutstyret!

 

 

Gratulera så mykje med vel overstått til Stian Fløgstad med dagen hans onsdag 3. oktober!

 

Gratulera til Elfinn med dagen hans på Tysdag i neste veke!

 

 

 

Ha ei god veke!