24/1/2020

BS Nytt veke 4

Godt driv i oppdraga me arbeider med om dagen.

For Fivelandselva kraft blir me nå spurt om å forsere fremdrift, og vil nok prøve på dette med å auke på med ressursar etter kvart. Også betongarbeid, i første omgang på kraftstasjon vil me prøve å setje i gong, men først må me få teikningane.

Denne veka har Bjørn Tore og Tommy sprengt ut for kraftstasjonstomta, og driv no oppover første del av røyrgatetrase.

 

På Eramet har Gjermund og Nils Gunnar begynt på betongarbeida for det nye pumpehuset, og har og hatt nokre andre diverse arbeider der.

I neste veke vil det for dei to bli oppstart av arbeider for BRG på Statnett.

Lysmastefundamentet har Wojciech og Darius fullført og dei har og vore i Slettedalen og støypt golv i garasjen der.

 

Geir Egil og Håkon har arbeida med støttemuren ut mot Storelva, der Lofthus maskin har ordna på kjølevassleidninga.

 

Det går også stadig framover med arbeida for Sauda Fjernvarme på området der, og me anar eit håp om å kanskje kunne asfaltere deler av område i relativt nær framtid.

 

Leif Kåre og Johnny er ferdige med betonglodd til transportør finverk 100 for Roxel på Norsk Stein. Dei har no flytta seg ut dit for diverse småarbeid, og vil i neste veke komme i gong med binge for metallutkastar direkte for Norsk Stein.

 

 

På Tjødnaskarvegen driv Elfinn og Vetle for fullt, og får i dag også hjelp frå Rune med fleire til sprengingsarbeider.

 

På Tangen har Gunstein hatt arbeid med å legge på steinheller og diverse i eit område der. terje har henta naudsynt stein til dette frå Rennesøy.

 Han fekk og levert Kulestein på same turen...

 

 

HMS – Aktiv fritid:

 

Det er ulikt for oss kor fysisk aktive me er i arbeidskvardagen, men uansett kan det vær godt for alle å gjere noko aktivt og kjekt i fritida!

Sjølv fekk eg til ein skumringstur i Hylsfjordheia denne veka, og tek med eit bilete av rosa himmel.

 

Ha ei god veke!