25/1/2019

BS Nytt veke 4

Stabile vinterforhold og venting på igongsetting for oss om dagen.

 

For Veidekke på Statnett Austerheim støyper Gjermund  og Nils Gunnar den andre sikringsveggen bak muffesjaktene i dag. I neste veke er planen å fylle med singel eit stykke opp bak muffesjaktene.

 

Geir Egil og Håkon er fortsatt utleigde til Ryfylke Bygg.

 

Me har hatt nokre småjobbar på betongarbeid for Eramet.

Leif Kåre og Johnny har i tillegg fortsatt med rydding på lager Birkeland.

 

Bjørn Tore har nå gjort seg ferdig med bore- og sprengingsarbeidet for Gunstein og Erling Vanvik der. Han kjem no inn att og er klar for nye oppdrag.

 

I Grustaket har me fortsatt full produksjon, og hadde i går besøk av kontrollrådet for sin årlege kvalitetskontroll av både grustaket og blandeverket. Den første tilbakemeldinga var som vanleg at det meste ser veldig greitt ut, og at me ligg godt an i forhold til mange andre i klassen. Detaljane tar me når rapporten kjem, nokre mindre ting må me nok rette opp i.

 

For Reinseanlegget på Tangen melder no Sauda Kommune at me er svært nære at alle formaliteter er på plass og at me kan setja i gong med gravearbeid. Me vonar no det kan bli i neste veke.

 

Me gav vårt tilbod på Risvollelva kraftverk i går, kontrakt skal skrivast i slutten av februar, og det er lukka opning av tilboda, slik at me veit ikkje heilt eksakt når me får vita korleis me ligg an på dette.

 

 

HMS

Frå at.no:

 

Ha ei god veke!