28/9/2018

BS Nytt Veke 39

Mykje vått vær , og skikkeleg storflaum denne veka.

På Ramnafjell skal me idag støype over deler av kabelen i det øvre terrenget. Helikopter er bestilt,og me har mønstra godt med mannskap. Me vonar værmeldinga held, slik at me får utført dette på ein god måte i dag.

 

I Slettedalen driv me fortsatt med bruer for Saudefaldene. Flaumen me hadde på onsdag, og det generelt våte været for tida gir store elvar og bekker som er utfordrande for desse arbeida. Og arbeida med bruene har tidvis måtta stoppa litt, men gjengen der oppe har arbeid med ein ca 20 meter lang føringskant på vegen til Slettedalen ved Øverland.

 

Me leiger også ut Geir Egil å Leif Kåre til Ryfylke Bygg. Dei har fått oppdraget med å reise ny varmestove ved langrennsarenaen i Slettedalen.

 

På Finnflot har det vore arrondering av terreng med maskin, og skaping av ein parkeringsplass nedstrøms dam. Dette arbeidet ser no ut til å verte noko meir omfattande enn først antatt.

 

På Saudapakken har Trygve drive å grusa plassen i Raundalen denne veka. Me må og kome i gong med plassen som skal lagast i Tengesdal no i næraste framtid.

For Stangeland er me no nærmast ferdige. Gunstein er der no med hjulmaskin for noko finpussing til slutt. Tommy har flytta seg med maskin til Vatnedalen og vegen der.

 

I Vatndal er det fullt kjør, og me må stå på for å bli ferdige, Som nemnd kjem Tommy i gong der frå måndag av, i tillegg til dei som er der frå før. Terje har byrja med å grusa dei delane av vegen som er klare for det

I Åbødalsvegen og Wergelandsvegen er det no satt på godt med ressursar for å fullføre jobben, og klargjere for asfalt og granittstein. Asfalt er planlagt til slutten av oktober,og det vert byrja med montering av granittstein i neste veke.

 

Betongarbeida for Norsk Stein vart skyvde litt på og me vil vel koma i gong neste veke. Me har og ein del forskjellige mindre private betongarbeider som skal i gong. Ein del av bygg og betong gjengen må og trø til i andre avdelingar og prosjekt no, sidan det er travelt med ein del fristar på fleire prosjekt.

 

For Veidekke vert me no tinga til noko arbeider som står att inne på Statnett Austerheim. Det er både litt betong-, og maskinarbeid det er snakk om her.

 

 

HMS

 

Husk å fyll ut sjekklista som ligg i Proresult, før gravearbeider på ny plass blir satt i gong. Kablar i bakken kan dukke opp kvar som helst!

 

Gratulera med dagen til Knut Hugdal tysdag 2.oktober!

 

Avslutning for Jan Erik Svandal

Me har avslutning for Jan Erik Svandal i dag. Han går nå over i pensjon, og me takkar for all den gode innsatsen han har lagt ned for Brødrene Selvik gjennom mange år.!

 

 

 

Ha ei god veke!