13/9/2019

BS nytt veke 37

Me er inne i ein travel og kjekk periode med mykje arbeid innan grunn- og betongarbeid.

Ved vakta til Eramet og i områda rundt er det no full drift på prosjektet for Sauda Fjernvarme. Det skal leggast røyr inne frå Eramet og ut og over Storelva Bru..

Arbeida med å bygge tilkomstveg for Fiveland kraftverk går for fullt med graving boring og sprenging. Me er no snart framme ved elvekryssinga og må starte på betongarbeida med vad neste veke. Småkraft AS er for øvrig i bygda i går og i dag, og me får ein prat og nokre oppdateringar i dag.

Også for Dalekovod er det no på nytt arbeid for oss med to gravemaskinar og dei har bestilt betong til neste veke.

På Kabelgrøfta som Elfinn driv for  Saudefaldene inderst på Birkeland ligg me helst godt an. Me ser Rune gledeleg tek seg av lading (og sprenging) på bilete over.

 

På Svartavatn er det planlagt støyp av propp onsdag neste veke. Her er det litt ekstra krav til støypen med luftprøvetaking og mogleg AUV – anti utvaskingspulver tilsatt i første lass, grunna noko vatn i botn av tunnellen.

 

For Roxel på Norsk Stein har Tor Helge og Leif Kåre gjort grunnarbeid og pre-fabbrikkert armering til fundament for transportørar for Roxel på Norsk Stein.

 

I Slettedalen går det no mot ferdigstilling av bruene for Saudefaldene. Me har siste støyp av føringskant på brua ved Grasberget i dag, og så ryddar me opp og flyttar oss vidare rett over helga.

 

For Veidekke har Darius og Gjermund fortsatt arbeida med pre-fabrikkering av 6 stk fundamenter til Statnett sitt koplingsfelt i Saurdal. Dei vert ferdige tidleg neste veke.

 

I Nordstøldalen er Wojciech i gong med ringmur og terrasse-fundamenter til påbygg av hytta til Oscar Coll.

HMS – Omsyn til ekstremvær:

Hjå oss er me stadig opptatt av været generelt, men det er også viktig for oss i eit HMS perspektiv.

Det er meldt store nedbørsmengder i helga, og me bør ta ein ekstra sjekk før helg, på at ting er sikra i forhold til flaum!

Gratulera til Kjell Rørtveit med dagen ondag 18. september.

 

Ha ei god veke!