7/9/2018

BS Nytt veke 36

Me er inne i ei travel tid, prosjekt avsluttas og nye startar opp. Me må og skaffe nye oppdrag!

Me har hatt godt vær første haustveka, men det ser vel ut til å bli noko våtare i neste veke.

 

Me er no i avslutningsfasen av to større betongjobbar; Dam Finnflot og Støttemur for Stangeland på Statnett. Begge desse jobbane vert avslutta i nær framtid og ressursane vert frigjorte.

På Muren til Stangeland-Statnett hadde me siste støyp denne veka.

På Finnflot har me nokomaskinarbeid som skal utførast, og som vil starta neste veke. Rekkverk er iferd med å var ferdig montert, og så skal me montere nokre dører i neste veke.

I Wergelandsveien og Åbødalsvegen dukkar det stadig opp nye tillegg, men fortsatt god framdrift og litt merksemd i dagens Ryfylke.

I Vatndalen  har me denne veka hatt drift på dumper i tillegg til to gravemaskiner. Frå midt i veka fekk me og Olav på plass med gravemaskin, slik at me no har fått satt på meir ressursar for å sikre ferdigstilling innan fristen 1. november.

I Slettedalen driv Atle og Johnny fortsatt med utviding av bruer på oppdrag for Saudefaldene. Dei har no tinga utviding av fleire bruer, og me vil setje på meir folk der over helga.

I Hyttefeltet Haugane III er også god framdrift der Stian og Vetle arbeidar godt med kvar sin maskin.

Arbeida med Å legge ny straumforsyning til Ramnafjell for Statkraft er så smått kome i gong. Me konsentrerer oss om dei nedre delar no i heilt første omgang.

For Statkraft har me også fått eit oppdrag med å renovere eit båtopptrekk i Førreskard ved Blåsjå – dette har me planlagt å få utført tidleg i neste veke.

På Norsk Stein har me fortsatt Kjell i full sving med maskina.

På Svartavatn arronderer Bjørn Andre fortsatt og det vert montert eit vannmålehus - der me skal støypa golv innvendig rett over helga. Bjørn Andre reknar med å bli ferdig snart, og flyttar då til Finnflot for å ta seg av maskinarbeidet som står att der.

HMS – Travelt:

Når me har det for travelt, kan det i seg sjølv var ein risikofaktor. Om du føler det vel heitt om øyrene – så kan det var lurt å «ta to» som er eit motto eg trur Fritz Holm innførte på Norsk Stein for ei tid tilbake. Ta to minutt og tenk på risiko i arbeidet  -vurder om ein bør kalle saman og ta ein SJA. Og hugs på å behandle underentreprenør som våre eigne – både når det gjeld krav, men og at dei er med på planlegging, SJA og får informasjon på same nivå som oss sjølv.

 

Verkstadfest i kveld frå kl .18.00:

Arnt Øystein lovar mat og drikke til maten, men omnokon treng litt ekstra påfyll – så ta med «niste».

 

Rune takkar også for gåvekort og blom i høve 50 års dagen hans-  dette datt visst vekk for redaktøren den veka eg var på jakt!

 

Ha ei god veke!