30/8/2019

BS Nytt veke 35

Fullt kjøre i prosjekt med graving, grunn- og betongarbeid etter ferien. Og me har hatt ekstremt og variert vær!

Då er me for fullt i gong etter ferietida, og me har hatt utfordrande og svært variabelt vær den siste tida.

Storflaumen i førre veke gjorde skader mange stader, blant anna vart hytta til Lars Gusdal på Molla råka,men heldigvis gjekk det bra med sjølve hytta. Arnt Øystein og Elfinn har tatt seg av å rydde massar og få elveløpet tilbake der.

 

Vi borer og sprenger for fullt i Løyningsøyrå for å koma innover mot Fivelandselva og kraftstasjonen.Særlig er etablering av vad eit kritisk punkt. Byggjeleiar hjå Småkraft avviklar sein sommarferie, men er på plass måndag. Me får då ei oppfølgjing på planar om kryssing av Storelva og trase mot sorteringsanlegg for tilkopling høgspent. Detaljplanlegging av røyrgate og inntak samt stasjon er også i gong,og skal til NVE for godkjenning.

 

Hjå Torbjørn Lund i Lonå er me ferdige med plastring og fosterking av elvebreidda (Tverrelva) langs bygningsmassen. Samtidig sikra me også fundament til gangbrua for Sauda Kommune og fekk montert eit lysfundament ved brua.

 

Ved inngongen til sjukehuset er me nærmast i mål med det meste.

 

Me fekk asfaltert ein runde denne veke og me får også asfaltleverandør tilbake i neste veke.

 

For Roxel på Norsk Stein har Leif kåre, Tor Helge og Romas denne veka støypt kum og starta med fundamenter til MCC bygget.

 

I Slettedalen har Johnny og Nils Gunnar ferdigstillt brua ved Indrejordet og støypt fundament og bru-kar til bru nr. 7 ved Grasberget. Dette er på oppdrag for Saudefaldene.

For Veidekke – Relacom og Statnett har Gjermund og Øyvind utført diverse jobbar på Austerheim og reknar med å var ferdige denne veka.

 

I Svandal har Woijciech og Darius arbeid med fundamenter og ei terasseplate på ei hytte i Djuvsbotn.

Hjå Ramsnes har me klargjort for asfaltering.

 

Geir Egil og Håkon har no starta med armering i proppen på ny luke på Svartkulp for Saudefaldene.

 

Me gratulerer Gunstein, Rune og Bjørn Tore,  med bursdagane dei har hatt i perioden. Og Ole Magnus med dagen hans tysdag 3. september.

 

Ha ei god veke!