31/8/2018

BS Nytt veke 35

Det er haust i lufta og travelt i bransjen vår.

Det er blitt noko meir haust i lufta og ei travel tid hjå oss.

 

På Finnflot hadde me siste støyp innvendig dam i går og monterer no rekkverk og leider med meir.

I Wergelandsveien er me no komne til endes med VA grøft, det vil etter kvart bli klargjort for asfaltog granitt kantstein. Asfaltering er foreløpig planlagt til slutten av september.

 

I Vatndalen  er det fortsatt god framdrift, men me treng nok tida fram til 1. november her. Me planlegg og med å setje på meir ressurser her, etter kvart som dei vert frigjorte i andre prosjekt.

 

I Slettedalen er me igong med utviding av bruer på oppdrag for Saudefaldene.

 

På prosjektet Saudapakken for Statnett har me hatt god fremdrift i det siste, og me ventar å bli ferdige med dei fleste plassane longs Svortetjønnsvegen i neste veke. Då har me att ein riggplass i Tengesdal i dette prosjektet. Den skal være ferdig 1. november og me ventar litt før me set i gong med denne.

 

I Hyttefeltet Haugane III er det også god framdrift der Stian og Vetle arbeidar godt med kvar sin maskin.

 

For Stangeland vert det ny støyp på muren over helga. Me har god framdrift også i dette prosjektet. På Maskinsida er Tommy fortsatt med og er bestilt fram til ca veke 39.

 

Nytt Oppdrag - Ramnafjell

Me har fått oppdraget frå Statkraft med å legge ny straumforsyning til Ramnafjell i Svandal. Dette skal gjerast frå Djuvsbotn og opp til topps. Me vil nok starte på fleire angrepspunkt og håpar på ein oppstart neste veke. Sjølvsagt er det eit ekstra HMS fokus på ein slik jobb, og vær og vinterforbehold gjeld sjølvsagt for framdrifta.

 

Gratulera til Ole Magnus med dagen hans på måndag!

 

BjørnTore takkar for merksemda i høve 50 års dagen hans.

 

Bodil takkar for blomar i anledning mor hennar sinbortgang førre veke.

 

Ha ei god veke!