17/8/2018

BS Nytt veke 33

Vått vær, men fullt kjør hjå oss no etter ferien!

 

Sjølv om regnet har hølja ned dei siste dagane, er det fullt kjør hjå oss nå. Dei aller fleste er attende etter ferien og me har gong på alle våre arbeidsoppdrag.

For Stangeland på Statnett går det stadig framover med støttemuren. Me fekk støypt seksjon 2 av denne, og står på vidare, me hadde og ein mindre tilleggsjobb med ein platestøyp.

Me har og hatt noko mindre betongarbeider, blant anna eit garasjegolv for Tore B Dahl, platestøyp for Olaug Saua, og eit fundament for mur for B & B Bilverkstad denne veka.

På Finnflot hadde me siste støypen på damplata tysdag denne veka, og me er sjølv svært nøgde med jobben som er gjort. Den rehabiliterte dammen tek seg godt ut, og ser jo eigentleg ut som han er heilt ny. Vidare no har me eit par støypar inni dammen og så skal det monterast rekkverk og nokre dører. Deretter vert det ned-rigg og opprydding, også med maskin skal det arronderast og ordnast til noko.

I Vatndalen  er no både Elfinn og Bjørn Tore på plass, og sørgjer for god framdrift på vegen. Det vert ein del boring og sprenging i denne fasen for å skaffe massar og for å kome fram med vegen. Elfinn går føre og reinskar og byggjer grovveg – han er no over halvvegs av den totale veglengda.

På prosjektet Saudapakken for Statnett er Olav no stort sett ferdig med riggplassen i Raundalen. Han flytta seg ned og starta på plassen som skal lagast ved Svortetjønnsstølen, men det vart såpass blaut at han flytta vidare til Stølsholet, og vil no starte der. Det skal også transporterast massar frå Raundalstippen til dei ulike plassane som skal ordnast.

I Wergelandsvegen går det fortsatt for  fullt, med  trøkk på VA arbeida for Sauda Kommune, og legging av fjernvarmerøyr.

I Svandal har Vetle fått med seg Stian med maskin, og det er god framdrift på opparbeidinga av Hyttefeltet Haugane III.

Ved «Leif Moe bygget» og «bakeritomta» i sentrum har me denne veka starta noko rivingsarbeid som er førebuing på  arbeida med ombygging og rehabilitering av Leif Moe bygget for Ryfylke Bygg AS

Proresult

Om du tek deg ein time fri ein dag - så husk å registrer denne også - bruk då 9 ferie/ fri /sykefravær, og før inn ein time, eller eventuelt dei timane det gjeld.

Det kan var lurt å sjekke på fredagen at du har minst 37.5 timar for veka.

 

Trivseltiltak:

Arnt Øystein var på tråden og vil saman med Gunstein / Bodil og fleire arrangere ein «verkstadfest» for oss om kvelden kl. 18.00 fredag 07. september. Sett av tid og meld deg på til Bodil !

 

Fem gonger ti hurra Både til Rune og Bjørn Tore denne veka. Rune blir 50 i dag og Bjørn Tore på Tysdag 21. august.

Gratulera så mykje til begge !!

 

Ha ei god veke!