26/7/2019

BS Nytt veke 30

Sommar sol og varmt. Me driv både betong- og grunnarbeidsprosjekter i sommarvarmen!

Denne veka er det Gjermund som styrer prosjektet med finverk 100 på Norsk Stein. Han har med seg Ryfylke Betongsaging og eit par innleigde karar på arbeida. Dei har komme langt på forskaling av fundament for omlastehus, men det blir nok litt venting på armering no i ferietida.

 

Stian er komen godt i veg med arbeida for Statnett på bøen, inne på Austerheim, men han er fleksibel og tek seg også av å køyre betongpumpebil no i ferieavviklinga, slik at det har vore noko av og på. Vetle løyser han av på gravearbeida måndag då Stian skal ha seg eit park veker sommarferie. Håvard kjem inn frå Norsk Stein og tek seg av betongpumping.

 

For Dalekovod har det også denne veka stadig vore  drift med gravemaskinar i fjellheimen og også jevnt og trutt leveranse av betong.

 

Også denne veka hadde med nokre lass med betong til Skiftun, og pumpebil med.

 

Ved Stadion er det no fortsatt full innsats for å komme i mål med Fjernvarmerøyra. Knut og Dag Magne er begge involvert i sveising av røyra og diverse rundt dette.

 

Vetle har på fritida med leigd maskin frå oss grove ut for tomta til søstera ved golfbanen.

Også oppe i tomta til Terje Olsen og Sigrid Klyvei trosavikåsen hadde Vetle eit lite oppdrag med litt klargjering før snekrane tar fatt på sjølve husbygginga. me vonar å få støypt garasjegolvet på mandag.

Oppe ved Svartkulp er det god gang på arbeida med lukejobben for Saudefaldene. Denne veka her Geir Egil hatt med seg Wojciech, og dei har gjort bolte og sikringsarbeid for lukeføringar.

 

HMS

 

Av og til kan publikum kome innanfor våre arbeidsområder – noko som kan være risikabelt med store maskiner og lastebilar som har store blindsoner og store krefter.

Enkelte i publikum kan av ulike årsaker, nokre gonger opptre svært farefullt. Me hadde ei skremmande hending denne veka som heldigvis gjekk bra!

 

Husk å respektere skilt og sperringer ved anleggsarbeider!

 

Redaktøren tar sein sommarferie frå i dag av og 4 veker framover – så da blir det nok ikkje BS Nytt i denne perioden.

 

Me gratulerer Arnt Øystein med dagen neste fredag 2. august.

 

Ha ei god veke!