17/1/2020

BS Nytt veke 3

Fortsatt godt vær for våre prosjekter innan grunn og betongarbeid. Men til tider vel vått!

På Eramet har Gjermund og Nils Gunnar fortsatt med fundament til ny betongvegg for uthelling av skolder i Ovnshus 1. Men frå midt i veka gjekk me over på ein hastejobb ved slaggroper og tappehull på ovn11, og gjekk da døgndrift med 6 mann i rotasjon fram til i dag.

Det går også stadig framover med arbeida for Sauda Fjernvarme på området der.

 

Leif Kåre og Johnny vart også med på hastejobb Eramet, men har også her heime begynt på prefab av betonglodd til transportør finverk 100 for Roxel på Norsk Stein.

I Vanvik Støpte Geir Egil og Håkon golvet på huset til Erling i går. Og det står no att kun ein liten støyp før det er klart frå vår side der.

 

Wojchiech og Darius har denne veka støypt og gjort seg ferdige  hjå Terje Olsen i Trosavikåsen, og så var dei med på arbeida ved Eramet. Det har også starta på eit fundament for ei lysmast for Eramet.

 

På Teig fekk me asfaltert vegkryssinga me hadde der, uvanleg, men fint å få gjort dette i januar.

 

Ved Fivelandselvakraftverk har me no  grusa vegen fram til kraftstasjon. Me har og starta å sprenge for kraftstasjonstomt  og bore for røyrgatetrase. Bjørn Tore har flytta segover frå Tjødnaskarvegen.

På Tjødnaskarvegen har Vetle komme over frå Fivelandselva, og det er no han og Elfinn som fullfører det som står att av arbeider med vegen.

 

Yrkesmessa:

Me deltok på ei godtbesøkt Yrkesmesse i Saudahallen i går. Våre lærlingar Theodor Selvik og Leiv Vidar Rønnevik to seg godt av spørsmål frå nyfikne ungdommar!

 

Gratulera med dagen til Rolf på søndag, til Vetle på måndag, og til Dag Magne på torsdag i neste veke!

 

Ha ei god veke!