19/7/2019

BS Nytt veke 29

Me har prosjekter med grunnarbeid og betongarbeid som pågår no i ferietida, og også ein del leveransar av betong.

På Norsk Stein fekk me tysdag denne veka støypt den siste dekkestøypen på finverk 100, dermed er me ferdige med den milepælen og går over til andre oppgåver ved finverket. Me får no hjelp av Ryfylke betongsaging til ein del slikt arbeid, og så er grunnarbeida for fundament omlastehus sette i gong, der me hjelper til med dette, og vil starte forskaling neste veke. Me har fått god tilbakemeldingar på HMS i dette prosjektet, og tar forpliktelsen med å fortsette i den trend.

 

For Statnett prøver me no å nytte oss av god-været for å ferdigstille nokre arbeider på ein bø inne på Austerheim

 

For Dalekovod er det stadig drift med gravemaskinar i fjellheimen og også jevnt og trutt leveranse av betong.

 Me fekk og ein litt større leveranse av betong til Skiftun på måndag denne veka.

Ved Stadion er det no full fart med Gunstein, Knut og Dag Magne for å komme i mål med Fjernvarmerøyra.

I grustaket har me drift og driv blant anna med jordsikting nå i det fina været.

Ellers er me ein del prega av sommarferie, og mange har ferie no, dette gjelder også neste veke medan i veke 31 byrjar det å komme fleire attende frå ferie.

HMS

Det vart ei dødsulykke i Kristiansand i går med ein mann som kom i klem. Skader som følgje av at ein kjem i klem, ofte med maskiner involvert, skjer diverre for ofte. Det er nok dette med augnekontakt med maskinførar,og planlegging av arbeid som er viktig for å unngå dette. Utan at me kjenner detaljar i saka frå Kristiansand.

 

 

Ha ei god veke!