12/7/2019

BS nytt veke 28

Me som er på jobb i ferietida ordnar med dei ulike oppdraga innan betong- og grunnarbeid som pågår.

Støyp nr to på finverk 100 på Norsk Stein gjekk bra på tysdag i førre veke, og me planlegg no den siste dekkestøypen på måndag. Leif Kåre går ut i ferie i dag, og Gjermund stepper då inn og tek styringa i neste veke. Roxel energy har tinga oss til nytt oppdrag med betongarbeida for fundament for omlastehus, også det for finverk 100.

 

På Reinseanlegget på Tangen har me denneveka montert isoporplater og fått tatt ein genrell opprydding etter arbeida somhar føregått der. Det vert no ein pause frå vår side der.

  

For Dalekovod er det stadig drift med gravemaskinanen i fjellheimen. Dei har i tillegg ønska Tommy med hans store maskin til nokre arbeider inn ved stasjonen til Statnett på Austerheim. Dette får me organisert og løyst. I tillegg er det stadig leveransar av betong til linjeprosjektet.

 

For Brødrene Thorkilsen skal me ordne nokre gravearbeider på Austerheim som krev godt sommarvær i neste veke.

 

Arnt Øystein og Kai S Årthun har hatt god framdrift på arbeida ved sjukehuset og har no tatt ein feriestopp av litt ulike årsaker. Blant anna skal det leggast fjernvarmerøyr i neste omgang, og me er klar til å trø til att når det trengst.

 

Ved stadion har me arbeid med fullføring av fjernvarme røyra som vert lagde der.

 

Me er som kjent også no midt i ferietida,og ein del er heldige og ferierar i det gode sommarværet som me fekk no.

 

I grustaket nyttar me finværet til å sikte jord. 

Ha ei god veke!